Informasjonsmøte om LivOGLyst-programmet

På dette digitale infomøtet kan du bli betre kjend med LivOGLyst-programmet og korleis du kan ta initiativ til å starte eit LivOGLyst-prosjekt i nærmiljøet ditt.

Innbyggjarar i Vestland kan gjennom LivOGLyst-programmet skape nytt engasjement og aktivitet i lokalsamfunna sine.

Tema for møtet

  • Kva bør vere på plass før ein søker om å bli eit LivOGLyst-prosjekt?
  • Kva er aktivitetane i eit forprosjekt og eit hovudprosjekt?
  • Kva inneber det å vere ein del av LivOGLyst-nettverket?

Du kan også sende inn spørsmål du ønskjer svar på i påmeldingsskjemaet til informasjonsmøtet. 

Målgrupper

Møtet er for alle som er interesserte i stadutvikling og å lære om LivOGLyst-programmet. Det kan vere innbyggarar, lag og organisasjonar eller kommunalt tilsette som ønskjer meir informasjon om programmet. 

Spørsmål?

Har du spørsmål om LivOGLyst-programmet, ta kontakt med programansvarleg Ingrid Kristiane Fardal.