Vi tek klima og berekraft på alvor!

Vi er ein arbeidsplass der klima og berekraft ikkje berre er fine ord, men gjennomgåande for alt vi gjer. Saman satsar vi mot nullutslepp i 2030.

Illustrasjon som viser FNs 17 bærekraftsmål.
FNs 17 bærekraftsmål.

Klima og miljø som premiss for samfunnsutviklinga er eitt av fire mål i utviklingsplanen for Vestland.

I vårt eige digitale klimamagasin Den grøne leiartrøya kan du gjennom 19 artiklar lese om noko av det vi har gjort så langt for å nå både vårt eige mål og dei 17 berekraftsmåla til FN innan 2030.

Noko av det du kan lese om i klimamagasinet:

  • Vestland fylkeskommune har teke leiarskap i innføringa av elektriske ferjer, og vi er i dag den regionen i verda med flest elferjer.
  • Vi held fram og er med i eit pilotprosjekt for å utvikle framtidas hurtigbåtar i klimavenleg retning.
  • Samtidig tek vi klimagrep når vi bygger vegar og bybane, vi bygger klimavenlege nybygg og er opptekne av resirkulering både på byggeplassar og i bygg.
  • Fylkeskommunen gjer i tillegg mykje på klimafronten på dei vidaregåande skulane våre.

Vi har også vunne prisar for klimararbeidet vårt!