Bli trainee og få ein god karrierestart

Ved å bli trainee hos oss får du ei bratt læringskurve som er gull verdt. Vi er med i trainee-programma til Framtidsfylket Vestland og Trainee Vest.

Tre unge kvinner sit i ein trapp.
I 2025 er det tre traineear i Vestland fylkeskommune. Foto: Martin Magnussen/Vestland fylkeskommune.

Dette får du som trainee

Ei traineestilling byr på brei arbeidserfaring, personleg utvikling og nye nettverk. Når du er trainee får du:

  • fagleg utfordrande og utviklande arbeidsoppgåver
  • tett oppfølging med eigen mentor og undervegssamtaler
  • fellessamlingar, både i regi av trainee-programma og fylkeskommunen
    • bli kjent med næringslivet i Vestland og fylkeskommunen
    • personleg utvikling
    • fagleg og sosialt program
    • ein studietur til eit land i Europa, for å bli kjent med EU-systemet og næringslivet der. Tidlegare har turen gått til Brüssel.

Når kan du søke?

Kvart år lyser vi ut trainee-stillingar i fylkeskommunen. Følg med på sidane til Framtidsfylket for stillingar i distrikst-Vestland og Trainee Vest for stillingar i Bergen. 

Du kan no søke på desse stillingane:

Framtidsfylket sine traineestillingar for 2026/27 er no lansert. Vi har denne stillinga med søknadsfrist 1. mars:

Trainee Vest sine traineestillingar for 2026/27 er lansert og hadde søknadsfrist 6. januar. Vi har desse stillingane:

  • Økonomi - avdeling for mobilitet og kollektiv og Skyss
  • Berekraft - avdeling for infrastruktur og veg
  • Digitalisering og innovasjon - avdeling for næring, plan og innovasjon
  • Internasjonalt samarbeid - avdeling for næring, plan og innovasjon

Alle stillingane har oppstart i august 2026.

foto med kvinne og sitat
foto med mann og sitat