– Å sjå at det vi gjer er nyttig, gjer meg stolt.
Møt Ida-Beate Mølmesdal, klimakoordinator/rådgjevar innan klima og miljø.
– Eg starta i Sogn og Fjordane fylkeskommune i 2016, då ein modig sjef bestemte seg for å tilsette ein oljearbeidar som fylket sin nye klimakoordinator, fortel livlege Ida-Beate om korleis ho begynte å jobbe i fylkeskommunen.
Ho har altså bytta ut kjeledress, vernesko, vernebriller, hjelm og hørselsvern med bluse, jeans og joggesko, noko som er meir høveleg i seksjon for plan, klima og folkehelse.
Langsiktige klimaambisjonar
– Slik som utdanninga mi, så inkluderer også arbeidskvardagen min mykje forskjellig. Eg jobbar nok mest med berekraftig utvikling av Vestland, med alt frå høyringsuttalar til kommunale planar for å sikre at dei planlegg for utsleppsreduksjon og eit klima i endring. Så deltek eg i forskings- og utviklingsprosjekt for å auke kunnskap knytt både klima, klimaplanlegging og gode tiltak å gjennomføre. Vi samarbeider med andre aktørar, og spesielt med kommunane og deira behov. Det siste året har eg primært jobba med å utarbeide regional plan for klima, som skal seie noko om dei langsiktige klimaambisjonane til Vestland, fortel ho.
Heimekontor i ny og ne
– Korleis er ein vanleg arbeidsdag for deg?
– Arbeidsdagen min er variert, og kjekk både fagleg og sosialt. Eg har gode og greie kollegaer, som eg både kan ta ein fagleg diskusjon med, men også «preike» med over ein kopp kaffi. Eg har ein og anna dag heimekontor, elles finn de meg på kontoret på Leikanger.
Ida-Beate er stolt av at fylket gjer alvor i å sette klima og natur på dagsorden.
– Skal vi lukkast med berekraftig utvikling av Vestland, så må vi evne å ta omsyn til både klimakrisa og naturkrisa for å sikre reell berekraftig utvikling. Vi kan ikkje snakke om uendeleg vekst, men reell grøn vekst som inkluderer sirkulærøkonomi og redusert materielt forbruk og mykje meir.
At andre tek med seg våre tankar inn i sitt arbeid, og vi ser at det vi gjer er nyttig, gjer meg stolt. Det er små steg i gangen, men samtidig viktige steg.
– Må vere modig for å lukkast
– Skal vi nå berekraftsmåla, så er det viktig at vi ikkje berre klistrar på berekraftsmål på alt vi gjer, og så seier vi at vi er berekraftige. Vi er nøydde å løfte opp dilemma og utfordringar, for å kunne komme opp med dei beste løysingane. Ein av verdiane våre er å vere «modig», og det må vi vere for å lukkast med ei samfunnsendring som tek oss i ei betre retning, fort. Vi må vere modige og velje vekk tradisjonelle framgangsmåtar, elles får vi ikkje til ei berekraftig utvikling. Vestland har sett seg høge ambisjonar, no må vi vise at vi meiner det gjennom handling.
– Kva er ditt beste råd til dei som ønskjer å jobbe med klima i Vestland fylkeskommune?
– Om du ønskjer å utfordre deg sjølv, styre arbeidsdagen i stor grad sjølv, og jobbe med både kortsiktige og langsiktige klimamål for å sikre ei heilskapleg og berekraftig utvikling, saman med andre, då bør du jobbe hjå oss.
Ein klimajobb i fylkeskommunen passar ikkje om du ynskjer å ha ein roleg arbeidsdag og tvinne tommeltottar.