Visjon og verdiar
Når du jobbar hos oss kjem du tett på demokratiet. Du blir ein del av ein politisk styrt organisasjon, som er kompetent, open og modig. Samtidig skal vi saman jobbe for berekraftig utvikling av Vestland.
Når du jobbar i Vestland fylkeskommune blir du ein aktiv del av demokratiet. Fylkeskommunen er politisk leia og bygd opp av eit politisk og eit administrativt nivå.
- Fylkeskommunen blir styrt av fylkestinget, som består av 65 folkevalde politikarar. Desse blir valde samtidig med kommunevalet kvart fjerde år. Fylkesordføraren heiter Jon Askeland og representerer Senterpartiet.
- Den administrative leiinga i fylkeskommunen er sett saman av fylkesdirektør og åtte direktørar som styrer kvar sine fagfelt. Rune Haugsdal er fylkesdirektør.
Dei folkevalde politikarane vedtar saker i fylkestinget og dei andre politiske utvala. Oppgåva til fylkesadministrasjonen er å utføre det som blir vedteke.
Verdiane våre: Kompentent, open og modig
Du finn slike plakatar med verdiane våre ved dei fleste av fylkeshusa, skulane og tannklinikkane våre. (Merk at Rune Haugsdal no har tittel fylkesdirektør).
- Visjonen vår er nyskapande og berekraftig.
- Verdiane våre er kompetent, open og modig.
- Samfunnsoppdraget vårt er: Vi set retning, engasjerer og samhandlar for å utvikle gode tenester og eit framtidsretta Vestland.
Dette skal vi gjere dei neste åra
Vestland fylkeskommune skal vere ein pådrivar for berekraftig utvikling her vi bur, og det vil spegle seg i arbeidet vårt. Derfor har vi ein regional utviklingsplan som definerer dei langsiktige måla for samfunnsutviklinga fram mot 2024. Regional utviklingsplan for Vestland 2020–2024 har desse hovudmåla:
- Vestland som det leiande verdiskapingsfylket og nasjonal pådrivar for eit regionalisert og desentralisert Noreg
- Klima og miljø som premiss for samfunnsutvikling
- Lokalsamfunn som ramme for gode kvardagsliv i heile Vestland
- Like mogelegheiter til å delta i verdiskaping
Nysgjerrig på å lese meir? Sjå heile Utviklingsplan for Vestland 2020–2024.