Europeisk senter for framifrå yrkesutdanning på hydrogen

EU sitt program for livslang læring, Erasmus+, innvilga i desember 2023 nesten 4 millionar euro til prosjektet H2CoVE. Rett kompteanse er ein føresetnad for at næringslivet skal lukkast med å gjennomføre det grøne skiftet. I H2CoVE skal vi byggje den kompetansen som er nødvendig for å utvikle ein hydrogenøkonomi i Vestland.

H2CoVE har 19 partnarar frå 5 land. Vestland fylkeskommune er koordinator. Høgskulen på Vestlandet leiar det regionale prosjektet.  

Gjennomføring av EU-prosjekt - Europeisk senter for framifrå
yrkesutdanning på hydrogen (H2CoVE)

Hovedutval for næring har gjort følgande vedtak: 

  • Hovudutval for næring ser på prosjektet H2CoVe som eit viktig verktøy for å realisere og skalere ei verdikjede for hydrogen i Vestland i samarbeid med den regionale partnarskapen som inngår i prosjektet.
  • Hovudutval for næring ser det som avgjerande at det i tillegg blir etablert god dialog med sentrale aktørar i Vestlandet som planlegg oppstart av hydrogenproduksjon.
  • Hovudutval for næring gjev avdelingsdirektør for innovasjon og næringsutvikling mynde til å løyve inntil 300 000 kroner årleg til prosjektet. Finansiering av prosjektet vert gjort frå løyvingsnivå utviklingsmidlar. Eventuelle behov for endringar i den fylkeskommunale støtta skal leggjast fram for utvalet.

Vestland er det fylket med størst planlagd produksjonskapasitet i Noreg. VLFK står som prosjektleiar for prosjektet H2CoVE som har fått tilslag frå EU-kommisjonen under utlysinga Europeiske senter for framifrå yrkesutdanning, Erasmus.

Det overordna målet er å styrke og bygge  kapasitet på hydrogen i Europa gjennom samarbeid. Det er etablert eit regionalt partnarskap i Vestland saman med utdanningsaktørar og næringslivet. Vestland skal på lik linje med dei andre europeiske partnarregionane bygge eit regionalt økosystem for hydrogen og setje i verk tiltak for å utvikle naudsynt kompetanse innan hydrogen. 

Prosjektperioden er 4-årig med oppstart 1. mars 2024. Prosjektet skal bidra til at verdikjeda for hydrogen blir realisert og oppskalert i Vestland.

Prosjektet har fått innvilga 4 millionar euro (45 millionar kroner), som er ca 80 prosent av budsjettet.

EU - Programgude for Cove .