Søk EØS-midlar
EØS-midlane er Noreg sitt bidrag til å redusere sosiale og økonomiske forskjellar i Europa.
Samtidig styrker EØS-midlane kontakten og samarbeidet mellom Noreg og dei 16 mottakarlanda: Polen, Romania, Ungarn, Tsjekkia, Bulgaria, Litauen, Slovakia, Latvia, Hellas, Portugal, Estland, Spania, Slovenia, Kroatia, Kypros og Malta.
Kven kan søkje?
Det er i hovudsak samarbeidspartnaren i mottakarlandet som kan sende inn søknad om støtte, men norske partnarar får dekka sine utgifter via mottakarlandet. Norske partnarar kan vere frivillige organisasjonar, bedrifter, forskingsinstitusjonar, offentlege etatar, kommunar, fylkeskommunar, kulturinstitusjonar, kunstnarar og andre.
Kva kan du søkje støtte til?
Søknaden kan gjelde:
- Enkeltprosjekt der norske aktørar kan delta gjennom samarbeid med partnarar i mottakarlanda.
- Bilaterale fond: Fonda kan støtte aktivitetar som konferansar, seminar, studieturar, utvekslingar m.m.
Det kan blant anna søkjast støtte innan desse tema:
- Klima og miljø
- Grønn innovasjon og næringsutvikling
- Forsking og utdanning
- Justis- og politisamarbeid
- Sivilt samfunn
- Lokal og regional utvikling
- Sosial dialog og trepartssamarbeid
- Kulturarv og kulturutveksling