Samlingar og nyheitsbrev for integreringsfeltet
Fylkeskommunen sender månadleg ut digitalt brev om siste nyhende på integreringsfeltet. Ynskjer du å stå på kontaktlista vår? Send oss ein e-post om dette! Vi arrangerer også samlingar, både digitale og fysiske, for kommunar og organisasjonar som arbeider med integrering i Vestland fylke.
Digitalt nyheitsbrev
I det digitale brevet deler fylkeskommunen informasjon om komande arrangement og hendingar for alle som er interesserte i integreringsfeltet i Vestland. Det siste nyheitsbrevet finn du på denne lenka:
Tidlegare nyheitsbrev finn du nederst på sida.
Samlingar
Fylkeskommunen skal understøtte, vere pådrivar for, samordne, og fremje integreringsarbeidet i kommunane. Eit av verkemedlane vi har er å lage møteplassar for aktørar på intergreringsfeltet. Invitasjonar til dei einskilde samlingane delast i nyheitsbrevet eller direkte på e-post til integreringskontaktane våre.
Komande samlingar
Denne sida oppdaterast i januar - følg med for framtidige samlingar.
Tidlegare samlingar
"Saman for inkludering - Korleis legge til rette for tverrfagleg integreringsarbeid i kommunane. DEL 2"
Korleis kan heile kommunen ta eigarskap til inkluderingsoppdraget, kva verktøy treng me i førstelina og kor må naudsynt kompetanse plasserast? Dette var nokon av spørsmåla me stilla på dette webinaret. Med oss på arrangementet hadde vi sosialantropolog Mona Frank, som har skrive masteroppgåve om integreringsfeltet i Noreg, basert på feltarbeid hjå IMDi og ei flyktningteneste i ein norsk kommune. Ho har ein unik innsikt i korleis det er å jobbe med integrering i førstelina innanfor eit komplisert rammeverk, og delte av sin kunnskap om dette. Seniorrådgjevar for folkehelse og integrering i Vestland fylkeskommune, Kristine Sunde Fauske, haldt innlegg om det kommunale integreringsoppdraget.
"Kreativ kvalifisering - Nye perspektiv i kommunalt integreringsarbeid"
Webinar om kreativitet i kommunal integreringssektor, med fokus på alternative tiltak i introduksjonsprogrammet for flyktningar. Webinaret tok for seg konkrete tips og dømer på korleis ein kan nytta tiltak som musikkterapi, friluftsliv og matlaging inn i integreringsarbeidet.
"Saman for inkludering - Korleis legge til rett for tverrfagleg integreringsarbeid i kommunane."
Samarbeidswebinar med Vestland fylkeskommune, Osterøy kommune, Alver kommune og Bergen kommune. Tema var tverrsektorielt samarbeid i høve integreringsarbeid, samarbeid på tvers av kommunegrensa og utforsking av moglegheiter for framtidige samarbeidsplattformar for Vestlandskommunane.
"Bustadar til alle? Kva rammar og verkemidlar har vi?"
Fylkeskommunen, Statsforvaltar og Husbanken fortel om korleis kommunane kan arbeide for å løyse bustadutfordringar.
"Frukostwebinar - Integrering"
Fylkeskommunen gjer informasjon om kva rolle dei skal spele i integreringsarbeidet i Vestland. (Det er ikkje opptak frå denne samlinga)