Integrerings- og inkluderingsarbeidet i Vestland
Vestland fylkeskommune har ansvar for ei rekke oppgåver knytte til frivilligheit, førebygging, busetjing, kvalifiseringsarbeid og samarbeid med regionale sektormyndigheiter og fylkeskommunar.
Fylkeskommunane overtok integreringsoppgåver frå Inkluderings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) 1. januar 2020.
Busetjing av flyktningar
Fylkeskommunen skal innanfor ramma av nasjonale kriterium for busetjing vurdere og anbefale kor mange flyktningar som skal busettast i den enkelte kommune. Målet er at flyktningar skal busetjast i område der dei kan komme i arbeid og få utdanning og kompetanseheving.
Førebygging av negativ sosial kontroll, tvangsekteskap og kjønnslemlesting
Fylkeskommunen skal arbeide med å førebygge negativ sosial kontroll, tvangsekteskap og kjønnslemlesting. Det skal vi gjere gjennom å bygge nettverk, dele kompetanse og samarbeide med relevante myndigheiter og andre aktørar på regionalt og kommunalt nivå.
Kvalifiseringsarbeid av flyktningar i kommunane
Fylkeskommunen rettleiar og følgjer opp kommunane slik at flyktningar får eit best mogleg tilbod om relevant utdanning og arbeid. Målet er å styrke kompetansen om integrering og mangfald i kommunane. Slik kan vi nå målet om å få fleire innvandrarar i arbeid. Utveksling av erfaringar mellom kommunane er viktig.
Grunnskuleopplæring for innvandrarungdom – Jobbsjansen del B
Jobbsjansen del B skal bidra til betre grunnskuleopplæring for innvandrarungdom i aldersgruppa 16–24 år. Målet med ordninga er å redusere fråfallet frå vidaregåande opplæring for innvandrarungdom. Ungdom som har rett til vidaregåande opplæring, men som ikkje har opparbeidd seg godt nok fagleg grunnlag i til dømes norsk, høyrer inn under målgruppa. Tidlegare var det fylkeskommunane som søkt IMDi om tilskot til dette arbeidet. No vert ordninga forvalta gjennom avdeling for opplæring og kompetanse i Vestland fylkeskommune.
Regionalt samarbeid
Fylkeskommunen samarbeider om kvalifisering og integrering av innvandrarar med sektormynde og frivillige organisasjonar på regionalt nivå.
Frivilligheit og deltaking
Frivilligheit er viktig innan integreringsfeltet. Det er eit politisk mål å auke innvandrarar si deltaking i samfunnet.