Førebygging av vald i nære relasjonar
Negativ sosial kontroll representerer former for overgrep og krenking av enkeltmenneske sine rettar og integritet. Fylkeskommunen skal arbeide med å førebygge tvangsekteskap, negativ sosial kontroll, vald knytt til ære og kjønnslemlesting.
Kva rammer har vi?
Fylkeskommunen har det overordna, regionale samfunnsansvaret knytt til førebygging av tvangsekteskap, negativ sosial kontroll, og vald knytt til ære. Jamfør § 65 i forskrift til integreringslova, skal fylkeskommunen følgje opp det regionale arbeidet mot negativ sosial kontroll, vald knytt til ære, tvangsekteskap og kjønnslemlesting. Fylkeskommunen skal leggje til rette for samarbeid med sivilsamfunnet, derunder frivillig sektor.
Negativ sosial kontroll forståast som press, oppsyn, truslar eller tvang som systematisk avgrensar personars livsutfalding eller gjentatte gonger hindrar dei i å treffe sjølvstendige val om eige liv og framtid. Dette gjeld til dømes den einskilde sin rett til å rå over eigen identitet, kropp, seksualitet, fridom til å velgje vener, fritidsaktivitetar, religion, påkledning, utdanning, jobb, kjærast og ektefelle, og til å be om helsehjelp.
Kva mål har vi?
Fylkeskommunen arbeider for at ungdom i fylket skal ha rett til å ta eigne val i livet. Dette skal også gjelde i dei høve der eigeråderetten kjem i konflikt med religiøse eller kulturelle normer og reglar.
Kva verktøy har vi?
Fylkeskommunen legg til rett for samarbeid mellom ulike offentlege instansar, frivillige organisasjonar og andre aktørar som er involverte i arbeidet mot ulike formar for vald i nære relasjonar.
I Vestland fylke er det fire mangfaldsrådgjevarar som er utplassert på ulike vidaregåande skular. Dei følgjer opp elevar og tilsette ved skulane dei er utplasserte ved. Dei assisterer også andre skular i enkeltsaker. Mangfaldsrådgjevarane har spisskompetanse på problemstillingar knytt til ulike formar for vald i nære relasjonar.
Relevante lenker
Regjeringas handlingsplan for å førbygge og motarbeide vald i nære relasjonar 2021-2024
Informasjon om mangfaldsrådgjevarar i Vestland finn du på IMDi sine sider
Kva gjer vi?
Fylkeskommune skal arbeide med å førebygge negativ sosial kontroll gjennom å bygge nettverk, dele kompetanse og samarbeide med relevante myndigheiter og andre aktørar på regionalt og kommunalt nivå.
Fylkeskommunen legg til rette for samarbeid mellom mangfaldsrådgjevarane og elevtenesta i vidaregåande skular. I tillegg har fylkeskommunen etablert samarbeid med Regionalt ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS) som har det regionale koordineringsansvaret.
Fylkeskommunen er med i «Vestlandsnettverket», saman med mangfaldsrådgjevarar, politiet, RVTS, Bergen kommune, Krisesenteret og barnevernet. Nettverket skal medverke til at arbeidet utførast gjennom samarbeid mellom relevante etatar.