Nyskapande aktivitetsanlegg
Gode møteplassar er viktig for god folkehelse og gode nærmiljø. Vestland fylkeskommune vil stimulere til å utvikle og bygge enkle, lokale møteplassar med varierte og attraktive lågterskeltilbod for fysisk aktivitet. Desse skal vere nyskapande i funksjon, organisering og aktivitetar.

Utviklingstrendar viser nye fritidsvaner og ulik deltaking i fritidsaktivitetar. Mange unge sluttar med organisert idrett i ungdomsåra, og berre halvparten av 15-åringane er aktive nok (Handlingsplan for fysisk aktivitet). I tillegg rapporterer fleire om aukande grad av einsemd og psykiske utfordringar. Så korleis kan vi legge forholda til rette for meir aktivitet, også for dei som ikkje finn si plass i den organiserte idretten? Nyskapande aktivitetsanlegg tek utgangspunkt i lokalmiljøa sine behov innan idrett og fysisk aktivitet, basert på medverknad, eit breitt kunnskapsgrunnlag og berekraftige løysingar. Anlegga skal bygge på arkitektur av høg standard og bli naturlege samlingsstadar i lokalsamfunnet.

Mange kommunar har vist stor interesse for denne måten å jobbe på, og erfaringane så langt er gode. Gjennom denne satsinga håpar vi å auke kompetansen både i fylkeskommunen, kommunane, idretten og blant ulike arkitektkontor.

Eitt mål er å utvikle modellanlegg for uteområde ved skular. Eitt anna er å påverke ny politikk og innretting av statlege, fylkeskommunale og kommunale verkemiddel til anleggsutvikling. Fylkeskommunen samarbeider med Vestland idrettskrets, danske Lokale og Anlægsfonden (LOA), Tverga, KS og andre aktørar.
Meir om satsinga
Pilotfasen (fase 1) - Uteområde knytt til skule: I 2020 har vi jobba med fire pilotprosjekt knytt til uteområde ved skular. Langeland barneskule på Stord, Fusa ungdomsskule i Bjørnafjorden, Austevoll ungdomsskule og Haugamyr i Nordheimsund i Kvam herad.
Fase 2 - uteområde knytt til skule: Denne fasen har også fokus på skuleområde, og alle kommunar og vidaregåande skular i Vestland fylke kunne søke om å delta.
Kommunar og vidaregåande skular i Vestland fylke søkte tilskot til skisseplanlegging av gode og nyskapande aktivitetsanlegg, knytt til uteområde ved ein skule. Inntil åtte kommunar eller prosjekt blir valde ut. Dei utvalde prosjekta får tilbod om oppfølging og rettleiing frå Vestland fylkeskommune og Lokale og Anlægsfonden. Fire av desse vart valt ut, og har fått tilgang til arkitektfagleg prosesskompetanse. Dei fire som har vore med i fase 2 er Hyllestad skule, Florø ungdomsskule i Kinn, Etne skule og Olsvikåsen vidaregåande skule i Bergen.
Fase 3 – idretts- og aktivitetshallar: Denne fasen har fokus på innandørs anlegg, både nybygg og anlegg som skal rehabiliterast.Den første runden etter søknadsfristen i mai er godt i gang, og etter 1. oktober skal vi sitte igjen med inntil 4 prosjekt som skal gå vidare med arkitektkompetanse.
Fase 4 og 5 hadde eit overordna perspektiv med fokus på inkludering og folkehelse.
No er prosjektperioden over og modellen er innlemma som del av vår måte å jobbe på. Vi held fram med ordninga og søknadsfristen er 15. november.
Kunnskapsgrunnlag
Her har vi samla informasjon og publikasjonar som ligg til grunn for prosjektet. Forsking, rapportar og overordna planar og føringar.
Sammen om aktive liv. Nasjonal handlingsplan for fysisk aktivitet (2020–2029)
Inspirasjon frå danske Lokale og Anlægsfonden - Drøn på skolegården
Pilotprosjekta
Desse fire kommunane deltok med pilotprosjekt då vi starta prosjektet om nyskapande aktivitetsanlegg.
Fase 2
Kommunane Etne, Bergen, Hyllestad og Kinn deltok i fase to av prosjektet med nyskapande aktivitetsanlegg. Fase to har handla om skuleområde. Våren 2022 leverte arkitektane sluttrapportane for kvart av prosjekta.
Dersom du ønskjer sluttrapportane for prosjekta i fase 2 tilsendt, ta kontakt på e-post med Hanne Espe.
Fase 3
Sveio, Samnanger, Sogndal og Bergen (Olsvikåsen vgs.) deltok i fase tre av prosjektet med nyskapande aktivitetsanlegg.
Fase 4
Etne, Øygarden, Luster, Gloppen deltok i fase fire av prosjektet med nyskapande aktivitetsanlegg.