Kartlegging av friluftsområde
Vestland fylkeskommune vil jamleg kartlegge tilgjengelegheit og universell utforming i ulike friluftsområde. Vi gjer dette med støtte frå Kartverket.
Fylkeskommunen er eit friluftsorgan etter friluftslova og har rett til å opptre, klage og reise søksmål for å ivareta ålmentas interesser i alle saker av interesse for friluftslivet.
Vi jobbar for at alle i fylket skal ha moglegheit til å vere fysisk aktive kvar dag. Då er det viktig at det finst område som er universelt utforma, der alle kan ta seg fram og vere fysisk aktive.
Tilgjengelege i Fylkesatlas
Difor er det viktig at vi kartlegg kvar desse områda, er og kor godt tilrettelagde dei er, samt at vi kommuniserer dette til kommunar, friluftslivsorganisasjonar og til einskildpersonar. Kartleggingane fylkeskommunen gjer, vert også publiserte på www.fylkesatlas.no slik at kven som helst kan finne informasjon der.
Fylkeskommunen skal gje råd og rettleiing til kommunane og regionale friluftsorganisasjonar. Fylkeskommunen forvaltar tilskotsordningar til friluftslivsformål.
Søknadar i 2022
For 2022 har Vestland fylkeskommune fått 100 000 kr frå Kartverket til å kartlegge turvegar, badeplassar og fiskeplassar.
Gjennomførte kartleggingar
Vestland fylkeskommune gjennomførte kartleggingar i 2020 og 2021. I tillegg har Sogn og Fjordane fylkeskommune gjennomførte fleire slike kartleggingar. I Hordaland fylkeskommune hjelpte kommunane med kartlegging og verdisetjing av friluftsområde, noko som vart fullført av alle kommunar i Hordaland i 2019.