Steinkorshytta - Sunnfjord kommune
Hytta har solcellepanel for innvendig lys og sanitæranlegg.
Tilkomst og parkering
Ved bensinstasjonen i Naustdal tar du av til fv. 611 mot Stavang. Etter 1,2 km er det skilta mot Kringla. Grusvegen til Kringla er omtrent 3 km og fører til ein parkeringsplass for dagsturhytta. Kjører du lenger er det parkeringsavgift ved husa på garden Kringla.
Stien til hytta
Stien går forbi gardstunet til Atle Kringlen på Kringla. Når du ferdast her, er det viktig å hugse å late att grinder, ettersom det går mykje husdyr i området. Stien er godt opparbeidd, går i luftige omgjevnadar, er merka og enkel å finne. Undervegs passerer du Kringlestølane, som ligg på om lag 550 moh. I Kringlevatnet og i vatnet ved hytta er det fint å bade. Stien er noko bratt i starten, men flatar ut etter stølen.
Avstandar
Turen er middels krevjande og tek omtrent 1,5 time opp. Hytta ligg på 732 moh., litt under toppen Steinkorsen. Turen er på 2,4 km ein veg.