Tysnes kommune - Miklastofa
Miklastofa i Tysnes kommune ligg i det idylliske friluftsområdet ved Kyrkjevatnet. Frå hytta er det utsikt utover vatnet og til Uggdal kyrkje på andre sida. Miklastofa vart offisielt opna 22. mai 2022.

Kyrkjevatnet er kjent for eit rikt fugleliv og ein kan kjøpe fiskekort til vatnet hos Joker Uggdal om ein ønskjer det. I friluftsområde er det tilrettelagt toalett, badebrygge og baderampe for menneske med funksjonsnedsetting og rullestolrampe inn til hytta. I nærleiken finn ein også sjøbadeplassen Kjevikjo og turstiar i Myklestadskogen.
Tilkomst og parkering
Dagsturhytta Miklastofa ligg i Kyrkjevatnet friluftsområde i Uggdal ved fylkesveg 49. Det er to skilta parkeringsplassar til hytta; ein ved Uggdalseidet og ein i enden av Heningen. Det er også høve til å parkere ved rådhuset i Uggdal.
Stien til hytta
Det er om lag 600 meter å gå frå parkeringsplassen ved Uggdalseidet til Dagsturhytta på universelt tilrettelagt turveg. Frå parkeringsplassen i enden av Heningen er det 700 meter å gå på kupert turveg. Det er også høve til å gå rundt Kyrkjevatnet, deler av turen er på turveg i skogen og deler på fortau langs fylkesveg 49. Turen rundt Kyrkjevatnet egner seg også for sykkel.
Avstandar
Frå parkeringsplass på Uggdalseidet er det om lag 10-15 minutt til hytta i roleg tempo.