Veglys på fylkesvegen
Akkurat no jobbar fylkeskommunen med å oppgradere gamal belysning til LED-lys. Medan arbeidet pågår blir det mørkt enkelte plassar.
LED-lys er med å minske den negative påverknaden kunstig lys har på natur, dyr og insekter. I tillegg vil oppgraderinga til LED redusere vedlikehaldsbehovet betrakteleg, noko som igjen vil føre til færre feil på veglysnettet i framtida.
Men medan arbeidet pågår blir det mørkt på vegane. Det blir heller ikkje prioritert å byte slokte lyspærer der det skal i gang arbeid seinare.
Slik melder du feil på veglys
(Meldingsystemet ligg i ei ramme under denne punktlista)
- Finn riktig område: Start med å velje riktig område i kartet nedanfor, og gå deretter til det spesifikke feilmeldingskartet (Dokflyt).
- Vel lampe med feil: Klikk på lampen som har feil. Om du har GPS-posisjon tilgjengeleg, kan du trykke på knappen nede i høgre hjørne for å zoome inn til området du er i.
- Spesifiser type problem: Vel om feilen gjeld:
- Eit gatelys Fleire samanhengande gatelys
- Mørklagt område (alle lamper på ei strekning er mørke, ofte på grunn av ein sikringsfeil).
Merk: Dersom fleire lampar i eit område er mørke, er det tilstrekkeleg å melde feil på éin av dei. - Beskriv feilen: Angi kva meldinga gjeld, og legg gjerne til ein utfyllande kommentar eller bilete.
PS: Du vil ikkje motta tilbakemelding på e-post eller SMS, men du kan leggje inn kontaktinformasjon dersom vi skulle trenge fleire opplysningar.