Søk om reklame langs fylkesveg
Du må søke om løyve til å sette opp reklameskilt eller privat skilt langs fylkesveg.
Dette kan du søke om
- reklame eller private skilt langs fylkesveg
- andre reklameinnretningar, banner, flagg mm.
Det må søkast om løyve for å sette opp all reklame som er retta mot eller som er synleg for trafikantar. Dette gjeld også for reklame eller private skilt som er plassert i skråning eller veggrøft, ved fortau og gang- og sykkelveg og på ulike veginstallasjonar som rasteplassar, rabattar eller gangbruer.
Eigenreklame
Vil du feste reklame for ei verksemd på bygningen der verksemda held til? Dersom den berre viser firmanamnet eller typen verksemd, treng du ikkje løyve frå Vestland fylkeskommune.
Kven kan søke
Alle kan søke om reklame eller private skilt.
Dette må du ha med i søknaden
- kven som er søkar og grunneigar
- lokasjon og plassering
- reklamen sin art, innhald og utforming
- kor lenge reklamen blir ståande
Slik vurderer vi søknaden
Vi vurderer trafikktryggleiken når vi behandlar søknaden om oppsetting av privat skilt eller reklame. Dette kan vere om reklamen hindrar fri sikt eller om det er fare for at den distraherer trafikantane på staden på ein farleg måte.
Løyve etter plan- og bygningslova
Skilt eller reklame kan også være søknadspliktig etter andre reglar, til dømes plan- og bygningslova, her kan du kontakte kommunen din for rettleiing.