Søk om avkøyrsel
Planlegg du ny avkøyrsel eller ønskjer du å endre bruk eller utforming av eksisterande avkøyrsel, må du søkja om løyve.
Kva kan du søke om
Langs fylkesveg kan du søke om å:
- bygge ny avkøyrsel
- endre eksisterande avkøyrsel
- få godkjent endra bruk av avkøyrsel
- etablere midlertidig avkøyrsel
Kven kan søke
Alle kan søke om løyve til avkøyrsel.
Kva krav gjeld langs min veg?
Før du søkjer, bør du sjekke kva haldningsklasse vegen din har. Haldningsklassen finn du i kartet med fargekoder.
- Haldningsklasse 1 og 2 (rød og gul): betyr at fylkeskommunen har ei streng haldning til utvida bruk og nye avkøyrsler
- Haldningsklasse 3 (blå): her er vi mindre streng, men tal direkteavkøyrsler skal framleis vere avgrensa.
- Haldningsklasse 4 (grøn): betyr at avkøyrselsløyve normalt kan bli gitt under føresetnad av at tekniske krav til utforming av avkøyrsle er innfridde.
Det er fleire krav til fysisk utforming av avkøyrsla.
Dispensasjonar
Før du søkjer om avkøyrsle til fylkesveg, må naudsynte dispensasjonar frå din kommune etter plan- og bygningslova vere i orden. Legg gjerne ved ein kopi av vedtak/løyve frå kommunen i avkøyrselsøknaden.
Vegarbeid
Skal du utføre arbeid på eller langs veg er det nødvendig med ein eigen godkjenning frå Statens vegvesen. Du finn meir info og søknadsskjema på Vegvesenet sine nettsider.
Les meir om varsel og sikring av arbeid