Nordhordlandspakken

Nordhordlandsregionen er ein region i vekst både som bustad- og arbeidsmarknad. Vegnettet er i dag ikkje tilpassa til å møte denne veksten. Framkomsten for næringstransporten er dårleg på mange delstrekninger.

Om prosjektet

Nordhordlandsregionen er i vekst både som bustad- og arbeidsmarknad. Vegnettet er i dag ikkje tilpassa til å møte denne veksten.

Fakta

Fase: Byggefase
Veg: Nordhordlanspakken har til saman 19 større og mindre vegprosjekt under byggeleiing av Vestland fylkeskommune. Sjå meir informasjon om desse prosjekta lenger nede på sida.
Område: Alver, Austrheim, Fedje, Modalen, Masfjorden
Kostnad: 1,50 milliarder kronar

Ferdige prosjekt

Fv.564 Trafikksikring på Holme, Fv.565 Vegutbetring Austrheim, Knarvik Sentrum, Fv. 57 Kollektivtiltak Lindås, Fv. 570 Vegutbetring Masfjorden, Vegutbetring Fedje, Fv. 569 Vegutbetring Modalen, fv.565 Marås-Soltveit

Prosjekt i byggefase

Fv.564 Frekhaugkrysset & Fv.5308 Sagstadvegen, Kollektivtiltak E39 Meland

Prosjekt i prosjekteringsfase

Fv.564 Fløksand-Vikebø, Fv.5310 Fosse-Moldekleiv

Planlegging

Fv.57 Knarvik-Isdalstø Fv.565 Sandskaret–Holme, Fv.565 Hilland–Radøy grense, Fv.409 Kollektivtiltak Manger sentrum, Vatnekrysset, E39 Molvik krysset, Fv.565 grense Radøy/Lindås, E39 Vikane – Eikangervåg,

 

Sjå kartet i fullversjon.

For å auke trafikktryggleiken er det lagt opp til bygging av gang- og sykkelvegar. I tillegg er det lagt opp til å styrke kollektivtrafikken og leggje til rette for meir miljøvennlege transportløysingar, mellom anna for å dempe trafikkveksten inn mot sentrale delar av Bergen. 

Relatert informasjon

Bompengeinnkrevjing

Med revidert Nordhordlanspakke går bompengane til vegprosjekt som skal byggast i Nordhordland. Alle som passerar inn og ut av Nordhordland må betale bompengar. Innkrevjinga skal skje i 12 år, fra og med 1. desember 2019. 

Bompengetakstar

Takstgruppe 1 (inntil 3500 kg): 16,80 kroner med AutoPASS-avtale, 21 kronar utan. Nullutsleppskøyretøy: 8,40 kroner med AutoPASS-avtale, 21 kroner utan.

Takstgruppe 2 (over 3500 kg): 33 kroner. Nullutsleppskøyretøy: 0 kroner med AutoPASS-avtale, 33 kroner utan.

Det regionale bompengeselskapet Ferde AS er ansvarleg for innkrevjinga av bompengar. Meir info om bomanlegg og prisar for Nordhordlandspakken finn du her

 

Kontaktpersoner

Andreas Knarvik Kolås

Prosjektleiar Nordhordlandspakken

Stortingsproposisjon 164 S (2016–2017)

Kva skjer i Nordhordlandspakken?