Her kan du klikke deg rundt på vegprosjektet.
Frekhaugkrysset
Fv. 564 Frekhaugkrysset er eit prosjekt som ligg ved Frekhaug senter i Alver kommune. Tiltak med utbetring av fv. 564 Frekhaugkrysset er eit av fleire prosjekt i Nordhordlandspakken.
Det kjem ny rundkøyring ved Frekhaug senter for å auke trafikktryggleiken for alle trafikantar i krysset, i tillegg blir trafikkavviklinga betre.
Sagstadvegen
Fv. 5308 Sagstadvegen er eit tiltak for å auke trafikktryggleiken for gåande og syklande, trafikkavviklinga blir betre, og for å sikre framtidige gode tilhøve for kollektivtrafikken. Det kjem ny gang- og sykkelveg langs fv. 5308 Sagstadvegen, vegen skal også utbetrast.
Finansiering
Prosjekta blir finansiert gjennom to ulike finansieringskjelder: Nordhordlandspakken for Frekhaugkrysset og Miljøløftet for Sagstadvegen.
Prosjektet omfattar ombygging av eksisterande Frekhaugkryss til rundkøyring (ein del av Nordhordlandspakken), og etablering av samanhengande gang- og sykkelanlegg lang fylkesveg 5308 til Sagstad skule (finansiert av Miljøløftet).