Stenger vegen ved Hovlandsbruene

I samband med bygging av ny gang- og sykkelveg og nye bruer vert fylkesveg 611 stengd ved indre bru, nærast Eikefjord sentrum, frå måndag 14. oktober.

All trafikk til og frå sentrum må difor gå om Knapstadbakkane. Det vil ikkje vere mogleg å passere anleggsområdet, heller ikkje til fots.
Vegen vil vere stengd til juli 2025, etter dette vert arbeidet og stenginga flytta til ytre bru.
 
Ruteendring skulebuss
På morgonen vil skulebussen snu før stengepunkt, køyre opp på riksveg 5 og ned Knapstadbakkane. På ettermiddag returnerer skulebuss i same rute.
 
Folkemøte
Tysdag 15. oktober blir det folkemøte i Eikefjord, i Allhuset klokka 18.00.