Fv. 611 Gang- og sykkelveg Hovlandsbruene, Eikefjord

I samband med at to av bruene på fylkesvegen mellom Eikefjorden sentrum og idrettsplassen må skiftast ut, skal det i tillegg byggast gang- og sykkelveg i tilknyting til bruene.

Fakta

Fase: Planfase
Veg: Fv. 611
Område: Kinn kommune
kart
Strekninga er inndelt i tre parseller: Indre bru (1b, 1c og 2a), midtre (2b)(opsjon) og ytre bru (2c). Delstrekning 1a og 3 er ikke med i utlysinga hausten 2024.

Indre bru 

Delstrekning 1b, 1c og 2a. Her kryssar to gamle bruer Kleivaelva, Hovland I indre og Hovland II indre. Bruene skal rivast og erstattast av ei ny platebru i to spenn, med ei totallengd på 21,55 meter. 

Det skal også byggast 450 meter med ny gang- og sykkelveg, nytt kryss ved Hamnavegen aust, nytt lysanlegg og luftspennet skal fjernast. 

Ytre bru

Delstrekning 2C. Her skal det byggast ny kulvert over Hamnaelva, som erstatning for den gamle platebrua Hovland ytre.

I tillegg skal det byggast 120 meter ny gang- og sykkelveg, og nytt kryss ved Kvalvikdalen og Hamnavegen vest. Også her skal det kome nytt lysanlegg og luftspennet skal fjernast.

Dei gamle tørrmurane langs vegen vil bli erstatta av nye tørrmurar, og belysning på strekninga blir skifta ut. I tillegg skal kommunen legge nye vatn- og avløpsleidningar i gangvegen langs heile traseen.

Midtre (2B) - opsjon

Ny fylkesveg, ny gang- og sykkelveg, nytt lysanlegg og fjerning av luftspenn.

 

Relatert informasjon

Kontaktpersoner

Bjørn Andre Storøy

Prosjektleiar