Skal bygge nye bruer og gang- og sykkelveg i Eikefjorden

Vestland fylkeskommune har signert kontrakt på bygging av to nye bruer og gang- og sykkelveg i Eikefjorden. Arbeidet startar i september.

TRENG UTSKIFTING: Brua Hovland Ytre er ei av to bruer i Eikefjorden som skal bytast ut.
TRENG UTSKIFTING: Brua Hovland Ytre er ei av to bruer i Eikefjorden som skal bytast ut.

Bruene over Hamnaelva og Kleivaelva på fv. 611 Hovlandvegen, vest for Eikefjorden sentrum, er i så dårleg forfatning at dei treng utskifting. No skal bruene bytast ut, og det skal byggast ny gang og sykkelveg på strekninga. Arbeidet skal utførast av firmaet Magne Hafstad AS. 

– Det første vi skal gå i gang med er asfaltering av Knapstadbakkane, den eine av tilkomstvegane mellom riksveg 5 og Eikefjorden sentrum. I stengeperioden vil trafikken auke, og denne vegen må difor vere i god stand, seier Bjørn Andre Storøy, prosjektleiar i Vestland fylkeskommune.

Deretter startar arbeidet på bruene. I samband med bruarbeidet blir fv. 611 stengd.

– Vi startar på den indre brua, den som er nærmast sentrum. Her er det to gamle bruer som kryssar Kleivaelva, Hovland I indre og Hovland II indre. Bruene skal rivast og erstattast av ei ny platebru i to spenn, med ei totallengd på 21,55 meter, fortel Storøy.

I samband med arbeidet blir fylkesvegen stengd på dette punktet frå oktober, og arbeidet vil halde fram ut på våren 2025. Deretter startar arbeidet på ytre bru, den som kryssar Hamnaelva. Her skal det byggast ny kulvert, som erstatning for den gamle platebrua Hovland ytre.

Vestland fylkeskommune vil invitere til folkemøte i Eikefjord i slutten av september.