Delte ut refleksvestar til ungdom i Eikefjorden

Det vart ein litt annleis skuledag for elevane ved Eikefjorden ungdomsskule, då undervisning i matte og norsk vart bytta ut med trafikksikkerheit og blindsoner.

Mange ungdommar står med ryggen til fotografen iført gule refleksvestar, framfor ein lastebil og ei gravemaskin. På sida av dei står personar i gule og oransje vernekle.
SKULEBESØK: Tilsette i firmaet som bygger dei nye bruene i Eikefjord, Magne Hafstad AS, og folk frå Vestland fylkeskommune tok denne veka turen til Eikefjord ungdomsskule. Med seg hadde dei to av maskinen på anlegget.(Foto Bjørn Andre Storøy/Vestland fylkeskommune)

Fylkesveg 611 har vore stengd vest for Eikefjorden sentrum sidan i haust grunna utskifting av to bruer på strekninga. Med stenginga vart også koblinga mellom sentrum og Eikefjord stadion kutta, og all trafikk gjennom bygda må no gå om riksveg 5 og ned Knapstadbakken, ein lokalveg som kjem ned midt i sentrum.

Resultatet av arbeidet skal stå ferdig om halvanna år. Ikkje berre vert det bygd nye bruer, men også ny gang- og sykkelveg. Tilhøva for gåande og syklande i Eikefjorden vil difor bli veldig mykje betre i 2026.

Men fram til då vil born og ungdom ha ein lengre veg til skule og fritidsaktivitetar, og få anleggsarbeid og massetransport tett på skulen, seier Bjørn Andre Storøy, prosjektleiar i Vestland fylkeskommune.

– Difor tok vi med oss ein lastebil og ei gravemaskin til ungdomsskulen, for å vise elevane korleis det er å sitte i førarsete i ein slik, og korleis blindsoner fungerer, fortel prosjektleiar. 

Blindsoner er det området rundt bilen som ikkje er synleg for sjåføren, ikkje gjennom bilruta og ikkje i speglane.

Fem menn, tre i oransje og to i gule vernekle står bak eit bord. På bordet ligg det mange gule refleksevestar.(Foto Bjørn Andre Storøy/Vestland fylkeskommune)
SAMAN FOR NULLVISJONEN: Tilsette i Magne Hafstad og fylkeskommunen tykte det var kjekt å møte ungdommane. Målet med dagen var fokus på trafikksikkerheit i samband med vegbygginga i Eikefjorden.(Foto Bjørn Andre Storøy/Vestland fylkeskommune)

– Det vi i prosjektet er mest redde for er at eit barn eller ein ungdom på sykkel eller til fots skal bli fanga i blindsona og køyrt på, og dette vil vi gjere alt vi kan for å unngå. Det betyr at sjåførane må vere ekstra observante, og at ungdommane må ta seg tid og vere forsiktige når dei skal passere ei anleggsmaskin som er i arbeid, seier Storøy.

For at ungdommane i Eikefjorden skal vere godt synlege i vinterhalvåret fekk alle utdelt spesialdesigna refleksvestar frå Vestland fylkeskommune, med ei oppmoding om å bruke desse når dei skal til skule eller trening.

Gul refleksvest ligg på eit bord. Teksten på ryggen av vesten seier Trygg skuleveg og Eikefjord - ein god plass å bu.
BRUK REFLEKS: Ungdommane i Eikefjord fekk utdelt refleksvestar som skal gjere dei meir synlege på skulevegen.(Foto Bjørn Andre Storøy/Vestland fylkeskommune)