Viktig melding til alle sjøfarande i Ytre Steinsund

Frå neste veke blir det ein del aktivitet i sundet i samband med brubygginga. Bruentreprenøren ber om at alle som brukar båt mellom Brattholmen og Gurineset viser særleg aktsemd når det ligg lekter i området.

I veke 22 vil det bli oppankra ein lekter i området aust for Gurineset. Det vil gå fortøyingar mot holmane nord/vest for området mellom Gurineset og Brattholmen. Det blir og ein del ankerfortøying som går i sør/aust retning.
 
I veke 23 kjem det ein lekter til inn i området. Denne lekteren skal senkast i sjøen nord for Gurineset, og det skal inn ei sjøkran som skal løfte to fundament av denne lekteren.
 
Entreprenøren skal merke vaierar og fortøyingar, men ber om særleg aktsemd med bruk av båt i området mellom Brattholmen og Gurineset når det ligg lekter i området.

Bilde viser eit sund med holmar og nes. Til venstre eit nes med namn Gurineset, og til høgre ein holme med namn Brattholmen. På denne står det ein tårnkran.
AUKA AKTIVITET: Dei neste to vekene blir det oppankra lekterar mellom Gurineset og Brattholmen, med fortøyingar både mot holmane nord/vest for området, og i sør/austleg retning.(Foto: Skanska)

Publisert 24. mai 2024