Siste nytt frå brubygginga i Ytre Steinsund

Sommaren og hausten har vore prega av mykje ruskever, og det har vore dagar der arbeidarane ikkje kunne jobbe i sundet på grunn av høg sjø og mykje vind.

Til tross for utfordrande forhold er det utført mykje godt arbeid, og brubygginga syner no att også over vatn.

Brua er delt inn i sju aksar, som startar på Hesteneset i nord, akse nummer ein, og endar i akse nummer sju, Guridneset på ytre Sula. I sommar og haust har det vore mest aktivitet på akse tre, fire og fem.

I juni nådde prosjektet ein milepæl, då vart brufundamenta som skulle støypast fast i botnen frakta frå riggområdet i Mortavika og ut til akse tre og fem. Denne operasjonen krevde mykje planlegging og litt hell, men vart ein suksess. 

Status desember 2024 

Akse 1 (Hesteneset): 
Det er fylt opp til underkant landkar. Neste operasjon blir boring og setting av stålkjernepælar. Dette arbeidet vil starte opp ut på nyåret.

Akse 3: 
Støypt tre etappar av søylene, etappe fire av ni blir støypt før entreprenør tek juleferie. 

Akse 4 (Brattholmen): 
Her førebur vi støyping av etappe 1 på hammarhovudet. 

Akse 5: 
Fire etappar av søyla er støypt, målet er at den femte blir gjennomført like over nyttår. 

Akse 6: 
Delvis utsprengt til fundament. 

Akse 7: 
Grovplanert til underkant av landkar.

Publisert desember 2024