Signerte kontrakt på nye vegar til Ytre Steinsund bru

Vestland fylkeskommune har signert kontrakt med Lesja Bulldozerlag AS. Firmaet frå Innlandet skal bygge tilkomstvegane til brua ytst i Sognesjøen.

VEGKONTRAKT: Avdelingsdirektør infrastruktur og veg, Dina Lefdal, og dagleg leiar i Lesja Bulldozerlag, Ann-Kathrin Storhaug Von Rappe signerte kontrakt på vegdelen av bruprosjektet i Solund.
VEGKONTRAKT: Avdelingsdirektør infrastruktur og veg, Dina Lefdal, og dagleg leiar i Lesja Bulldozerlag, Ann-Kathrin Storhaug Von Rappe signerte kontrakt på vegdelen av bruprosjektet i Solund.

Bruprosjektet Ytre Steinsund bru er delt inn i to entreprisar. Den eine er vegdelen, som inneheld bygging av 4,8 kilometer ny tofeltsveg, riggområde, og nytt kryss ved Daløy og Nåra.

– Lesja Bulldozerlag AS er ein ny aktør for oss her i fylket, men vi ser fram til eit godt samarbeid. No gler vi oss til å komme i gang, seier prosjektleiar Helge Follevåg.

Det skal byggast veg på øyane Sula og Ytre Sula, vegen vil gå både i skjæring og på fylling. Vegen koplast på fv. 606 i nordaust, rett nord for Daløy ferjeleie. I sørvest koplast vegen på fv. 5591 vest for Nårøyna.

Partane skal no inn i ei samhandlingsfase, før arbeidet vil starte i månadsskiftet september/oktober. Vegentreprisen skal vere ferdig innan våren 2024. Kontraktssummen er i underkant av 98 mill. kroner ekskl. mva.

Skal erstatte ferjesamband

Sjølve bruentreprisen inneheld ei 840 meter lang bru som skal erstatte ferjesambandet Daløy– Haldorsneset. Det vil gje innbyggjarane eit fast og døgnope samband til Ytre Sula og kommunesenteret Hardbakke.
Dette blir ei fritt frambygg-bru, som skal krysse over fleire holmar, og der det største spennet blir 240 meter. Denne kontrakten skal lysast ut i løpet av 2022, med oppstart i slutten av 2023.

FØRSTE MØTE: Partane møttest til signering på Leikanger måndag 15. august.
FØRSTE MØTE: Partane møttest til signering på Leikanger måndag 15. august.

Publisert 16. august 2022