Ytre Steinsund bru var med på fjordryddedugnaden Rein Sognefjord
Både Vestland fylkeskommune og bruentreprenør Skanska deltok med ryddemannskap, og konsentrerte seg i år om strender og viker på Hesteneset.
Mest jobb var det i Djupvika, som ligg på andre sida av vegen frå bruentreprenøren sitt riggområde i Mortavika. Som namnet seier skjer Djupvika seg langt inn i landskapet, og endar i ei stor myr.
– Vi fann alt frå sko, bøtter og tannkremtuber, til store mengder tau og garn. Mykje av plastsøppelet er smuldra opp til bittesmå delar, og mange stader har naturen sjølv teke jobben med å dekke til framandelementa. Her ligg det søppel i djupe lag, delvis skjult under torv og gras, fortel Helge Follevåg, prosjektleiar i Vestland fylkeskommune.
I alt vart det samla 15 hundreliterssekkar marint søppel frå fjøresteinane. Desse vart frakta til arrangør Framtidshavet sin container i Hardbakke.
Prosjektleiaren er glad for at prosjektet kan bidra til å rydde ein liten del av søppelet som kjem med havet og endar opp langs kysten vår.
– Omfanget er så stort at ein kan verte motlaus, men det vi har plukka opp i dag, kjem i alle fall ikkje ut i havet igjen, eller blir liggande å forureine på land, seier Follevåg.
Publisert 12. september 2024