Reguleringsplan fv. 606 ytre Steinsund bru til offentleg høyring
Statens vegvesen har i samarbeid med Solund kommune laga forslag til reguleringsplan for fylkesveg 606, Ytre Steinsund bru, som skal på offentleg høyring. Høyringsfrist 13. desember. [06.11.2017]
I samsvar med plan og bygningslova vert forslag til reguleringsplan med konsekvensutgreiing lagt ut til offentleg ettersyn.
Dokumenta
- som vedlegg på denne siden, sjå under "Last ned"
- på heimesida til Solund kommune
- i papirutgåve på kommunehuset på Hardbakke og
- Lambrechts eftf AS på Nåra
Grunneigarar og andre berørte parter vert tilskrivne samt vedtaket vert kunngjort i avisa Firda 01.11.2017.
Informasjonsmøte
På Hardbakke, kommunesenter på Solund kommune torsdag 21. november kl.
Merknader
Fristen til å komme med merknader til planen er 13. desember. Merknadane bør seie noko om kva endringar ein ynskjer i planen og kvifor. Eventuelle merknader skal sendast til:
◾Solund kommune, 6924 HARDBAKKE eller
◾post@solund.kommune.no
Handsaming
Etter at høyringsfristen er ute vil Solund kommune i samråd med Statens vegvesen ta stilling til alle merknader som er komne inn. Reguleringsplan med eventuelle endringar, innkomne merknader og kommentarar til dei frå administrasjonen i Solund kommune/Statens vegvesen blir deretter lagt fram for politisk handsaming i Solund kommune.
Kontakt
Spørsmål til planen kan stillast til:
◾Solund kommune Helge Alme tlf. 959 56 144, e-post helge.alme@solund.kommune.no
◾Statens vegvesen Ingar Hals tlf. 974 73 361, e-post ingar.hals@vegvesen.no