Overlevering av tilkomstvegane til Ytre Steinsund bru
13. mars 2024 overtok Vestland fylkeskommune tilkomstvegane til Ytre Steinsund bru.
Vestland fylkeskommune signerte kontrakt med Lesja Bulldozerlag AS på bygging av tilkomstvegane til brua i august 2022. Første salve gjekk i september samme år.
I alt har Lesja Bulldozerlag bygd 4,4 kilometer med tofeltsveg på begge sider av sundet, nye kryss ved Daløy og Nåra og brufyllingane på begge sider.
I alt har Lesja Bulldozerlag bygd 4,4 kilometer med tofeltsveg på begge sider av sundet, nye kryss ved Daløy og Nåra og brufyllingane på begge sider.
Dette er første oppdrag gudbrandsdølene har hatt for Vestland fylkeskommune, men vi håpar å sjå dei igjen ved eit anna høve.
Takk for innsatsen, og lukke til på nye oppdrag!
Publisert 13. mars 2024