Oppsummering frå folkemøte 31. oktober

Mellom 80-85 sulingar møtte fram på folkemøte i grendahuset i Hardbakke denne oktoberkvelden.

Panoramabilde som viser mange menneske i forsamlingsrom. Dei sit rundt bord åtte og åtte, medan ein mann står framme ved scena. Han snakkar mikrofon og viser presentasjon på ein skjerm.
FULLSETT: Mange var interesserte i planane for bygginga av Ytre Steinsund bru.

Prosjektleiar i Vestland fylkeskommune, Helge Follevåg, opna med ein førebels status frå bygginga av tilkomstvegar og brufyllingar. Stikkord var høge skjeringar ved krysset mot Daløy, mudring i Søre Mortevika, fyllinga på Hesteneset med åtte prosent stigning, og fylling og rasteplass på Guridneset. Vidare i retning Nåra er det fleire høge skjeringar.

Bruentreprenør Skanska presenterte firmaet, og dei som skal følgje prosjektet i Solund. Skanska er svenskeid firma, og har aktivitet i fleire land i Europa og USA. Konsernet har over 4000 tilsette, og 2000 pågåande prosjekt. Dei har hatt fleire liknande prosjekt som Ytre Steinsund bru.

Rigginga startar i Søre Mortavika i desember, og det vil vere dykkararbeid og anna aktivitet under vatn i januar. Frå februar til juni er det gytetid, og det kan difor ikkje vere undersjøisk sprenging i den perioden. Eit viktig element ved prosjektet er senkekassene, som skal ned på havbotnen og fungere som fundament for brupilarane.

Ytre Steinsund bru nyttar BREAM, som er eit verkty for å dokumentere bærekraft i gjennomføring av infrastrukturprosjekt. Skanska lovar at dei vil ha stort fokus på ytre miljø, og vil sette opp måleutstyr for å dokumentere rystelsar eller forureining. 

Spørsmål fra salen:

  1. På Guridneset er det plastra, men ikkje inne i vika, vil det vere store konsekvensar ved orkan?
    VLFK svarer: Sjølv om det ser ut som det er mindre stein inne i vika ligg det grovare stein bak, difor er det ikkje grunn til å bekymre seg.
  2. Kva er levetida på brua?
    Svar: 100 år
  3. Prisen på Rørdalsfjordbru, kjem den i tillegg til Ytre Steinsund?
    Svar: Ja, den kjem i tillegg til Ytre Steinsund.
  4. Kva blir breidda på den nye Rørdalsfjordbrua?
    Svar frå VLFK: To bilar kan møtast, men ikkje vogntog.
  5. Vil det vere høve til å trekke straum gjennom rør i den nye brua?
    Svar frå VLFK: Vi tilbydde BKK å legge høgspent i brua, men dei svarte nei fordi dei var fornøgde med sjøkablane sine. Sjølve brua blir sjølvforsynt med straum. Brua blir ikkje lys-sett, men den treng straum likevel. På innsida blir det hulrom, så der trengs det straum. Vi treng også straum til seglingslys for båtar, vindmålarar og digitale skilt som viser vindstyrke og stoppsignal. Det blir kanskje høve til å trekke kablar inni brua i ettertid, men ikkje høgspent. 
    Det blir gangsone for mjuke trafikantar på kvar side av køyrebana. Denne sona vert adskilt med profilert kantoppmerking.
  6. Korleis skal arbeiderane jobbe i løpet av året?
    Skanska svarer: Arbeidet vil vere begrensa av vêrtilhøva, vi vil bli påverka av vêr og vind, og trafikken som går gjennom sundet. Vi kjem til dømes til å bruke mykje lys, som kan bli problematisk for hurtigruta som blir blenda (gjeld også for andre båtar). Vi har høve til å stenge sundet, men vil prøve å holde det ope. Vi har ein dialog med kystverket og LOS, og vil gje ut informasjon gjennom offentlege kanalar.
  7. Når asfalten er lagt på tilkomstvegane, er det då fritt fram?
    Svar frå VLFK/Skanska: Det første laget med asfalt (bindelaget) blir forhåpentlegvis lagt før jul. Det vil kome ein bom i kvar ende av vegen, slik at det ikkje blir mogleg å køyre inn på anleggsområdet. Rekkverk kjem først på nyåret. Kryssa ved starten på dei nye vegane skal opparbeidast fullt, slik at dei eksisterande vegane skal kunne brukast som vanleg. Vi oppmodar om at de ikkje går i veglinja. Vi ynskjer ikkje å sleppe folk inn på anleggsområdet, dersom noko skulle skje er det vi som er ansvarlege ifølgje norsk lov. Men når brubygginga er i gang vil vi lage til ein eller fleire «opne dagar» der vi inviterer dei som er interesserte til å vitje anlegget.
  8. Vegstandarden utanom (på Sula), er det nokre planar for å gjere den betre?
    Svar frå VLFK: Som ein konsekvens av at det blir bygd eit nytt brusamband, må vi også gjere noko med den neste flaskehalsen – Rørdalsfjord bru. Utanom det er det ingenting som er avgjort. Men det er spelt inn at det burde gjennomførast ei rekke punktutbetringar. I vår avdeling på fylkeskommunen jobbar vi etter mantraet «meir veg for pengane». Vi håpar som punktutbetring å kunne ta dei verste svingane, men kan ikkje love noko. Arbeidet vi gjer og eventuelt vidare arbeid skjer i samarbeid med Solund kommune. Vi skal prøve å strekke oss, men kan ikkje ta alt.
  9. Det er oppgitt to forskjellige lengder på den nye brua, kva er den faktiske lengda?
    Skanska svarer: Det eine talet er frå forprosjekt, det andre talet er frå Skanska si prosjektering og er det reelle. Skanska har korta inn brua på lengda og har dermed ei mindre søyle. For å gjere dette må dei forlenge fyllinga på Hesteneset. Fasongen på brua har også blitt retta opp. Den kjem til å gå meir rett ut frå Hesteneset innom Brattholmen før den svingar mot Guridneset.
  10. Er det nok massar eller moglegheit til å fylle ut meir i Søre Mortevika?
    Svar frå VLFK: Våre geoteknikarar fann ut at fyllingsfoten må ligge der den er i dag. Det kan fyllast vidare ut, men då må det gjerast noko på botnen først. Dagens fylling er opparbeida og lagt sikker, men ein kan ikkje fylle ut meir utan vidare utbetringar.
  11. Kva er djupna utanfor kaia?
    Svar frå Skanska: Det blir 6 meter djupt utanfor. Viss det skal vere djupvasskai må det sprengast ut. Kaia blir prosjektert som permanent, men blir bygd som om den skal vere mellombels. Det blir difor moglegheit til å bygge vidare i ettertid. I den grad gjenbruk er mogleg strekk vi oss etter det.
  12. Er det andre tenester enn reinhald som Skanska vil kjøpe lokalt?
    Svar frå Skanska: Det har vi ikkje oversikt over enda. Det har vært en del ringverknader med Lesja, dei lokale vil merke det også når vi kjem. Det vil bli moglegheit for å kjøpe betong direkte fra blandeverket. Det dukkar alltid opp noko som vi vil trenge frå lokalbefolkninga, for eksempel sveising eller elektro. Vi må få ei betre oversikt over kva som er her ute.
  13. Det har vore positivt å ha Lesja Bulldozerlag i lokalsamfunnet, og vi har merka godt dei positive ringverknadane.
    Svar frå VLFK/Skanska: Med tanke på utbygging/ombygging av skulen i Hardbakke blir det mykje ekstra menneske her på kort tid. Frå Skanska kjem det 40-50 stk. Viss dei ikkje oppfører seg gje beskjed, for eksempel trafikk og oppførsel. Vi vil ordne opp.

     

    Andre kommentarar:

    •    Et eventuelt nytt folkemøte vil vere på Ytre Sula.
    •    Frå ordførar i Solund kommune: Vi har ein god dialog med VLFK og Lesja Bulldozerlag. Ønskjer også å ha ein god dialog med Skanska, og lytte til deira behov. Dette er eit etterlengta prosjekt.