Lyser ut vegdelen i løpet av våren – oppstart til sommaren

Det nærmar seg ein ny milepæl for bygginga av Ytre Steinsund bru – utlysing av tilkomstvegane. Anleggsaktiviteten i samband med brubygginga vil få mange positive ringverknader for næringslivet i Solund.

– Vi ynskjer å ha eit godt samspel med lokalt miljø og næringsliv. Vi skal bu ein plass, vi vil handle ein del lokalt, vi treng transport, båt og båtplass, vi skal bygge opp og drifte kontorrigg og forlegning med reinhald, og bilar og utstyr skal ha service, fortel Gunnar Solbakken, leiar for Utbygging Nord i Vestland fylkeskommune.

KRYSSINGSPUNKT: Her skal brua gå når den står ferdig i 2025/2026. (Foto: Halvard Henjum Halsnes)
KRYSSINGSPUNKT: Her skal brua gå når den står ferdig i 2025/2026. (Foto: Halvard Henjum Halsnes)

Utlysing før påske

Fylkeskommunen si prosjektgruppe har nyleg vore på synfaring i Solund, der dei møtte representantar frå kommunen, og hadde eit digitalt møte med næringslivet.

BÅTTUR: Frå synfaring i Ytre Steinsundet, (f.v.) Gunnar Solbakken, leiar for Utbygging Nord, og prosjektleiar for Ytre Steinsund bru, Helge Jostein Follevåg. (Foto: Halvard Henjum Halsnes/Vestland fylkesommune)
BÅTTUR: Frå synfaring i Ytre Steinsundet, (f.v.) Gunnar Solbakken, leiar for Utbygging Nord, og prosjektleiar for Ytre Steinsund bru, Helge Jostein Follevåg. (Foto: Halvard Henjum Halsnes/Vestland fylkesommune)

Saman med Solbakken var ny prosjektleiar for Ytre Steinsund bru, Helge Jostein Follevåg og byggeleiar Halvard Henjum Halsnes. Frå Solund kommune deltok mellom andre ordførar Gunn Åmdal Mongstad, varaordførar Tom Færøy og kommunedirektør Erik Askeland.

Bruprosjektet vert delt inn i to entreprisar; den eine er vegdelen, som inneheld bygging av 4,8 kilometer ny veg, riggområde, nytt kryss ved Daløy og Nåra. Riggområdet for prosjektet blir i Søre Mortevika. Denne kontrakten skal lysast ut innan påske, med oppstart før eller rett etter sommarferien.

Bruenterprisa inneheld sjølve brua på 840 meter. Det vil bli ei fritt frambygg-bru, som skal krysse over fleire holmar, og der det største spennet blir 240 meter. Denne kontrakta skal lysast ut i løpet av 2022, med oppstart i slutten av 2023.
Heile prosjektet skal stå ferdig i årsskiftet 2025/2026.

Viktige og vanskelege tema

Blant tema som vart diskuterte på møte med kommune og næringsliv i Solund, var arbeid med fylling og sprenging i sjø, risiko knytt til utslepp/forureining i sjø, trafikkavvikling ved Daløy-Haldorsneset og ned til Nåra, skipstrafikk, riggområde og naturmangfald.

– Størst aktivitet blir det i samband med brubygginga. Entreprenøren som får oppdraget må etablere mobilt betongblandeverk, det skal føregå transport av tilslag til betongproduksjonen, dei treng ferje for tilkomst med betong til bru, trelast og forskalingsmateriell. Det kan bli aktuelt med midlertidige arbeidsplassar – dette prosjektet vil få ringverknader for heile lokalsamfunnet, seier Solbakken.

Informasjonsmøte

Innbyggjarane i Solund blir invitert til informasjonsmøte når entreprenør for vegdelen i prosjektet er tildelt oppdraget. Viss alt går som planlagt blir det rett før eller rett etter sommarferien.