Informasjonsmøte om Ytre Steinsund bru

Solund kommune og Statens vegvesen arrangerte informasjonsmøte om reguleringsplanen for Ytre Steinsund bru på Hardbakke. Mange møtte fram for å få informasjon om prosjektet.

I samband med at reguleringsplanen for Ytre Steinsund bru er lagt ut til offentleg ettersyn, arrangerte Solund kommune og Statens vegvesen eit informasjonmøte om utkast til plan på Hardbakke 22. november.

Statens vegvesen gjekk gjennom planutkastet og planarbeidet. Som ledd i dette vart det «køyrt» gjennom det planlagde veganlegget i modell. Ein video som viser dette er lagt ved. Denne er grov og lite bearbeida, men gjer likevel eit inntrykk av vegprosjektet.

I tillegg til presentasjonen i møtet og videoen har vi og lagt ved nærare informasjon til grunneigarar om kva som skjer når Statens vegvesen kjøper areal for å byggje veg.

Frist for å kome merknader til planen er 13. desember. Merknader skal sendast til Solund kommune.

Publisert 4. desember 2017