Fylkestinget godkjende byggestart

Alle formelle vedtak er no på plass, og Vestland fylkeskommune førebur utlysing av vegdelen på Ytre Steinsund bru i løpet av årsskiftet.

Kystlandskap med holmar og eit sund. Ein fiskebåt passerer gjennom sundet. Midt i bildet ligg Håfjellet, med ei mast på toppen.
YTRE STEINSUND: Her skal brua krysse Steinsundet. I 2022 startar bygginga av vegsamband på begge sider av brua.

Oppstart av bruprosjektet Ytre Steinsund bru i Solund kommune vart vedtatt i fylkestinget i desember i fjor, med atterhald om at det måtte gjerast ei ekstern kvalitetssikring av kostnadsramma til prosjektet. Denne viste ei auke i kostnadane på 37 millionar kroner, noko fylkestinget godkjende i juni-møtet. 

Med dette blir det byggestart på vegdelen av prosjektet våren 2022.

– Vi er no i gang med tilsettingsprosessen knytt til prosjektleiar og byggeleiar på prosjektet. Vi ser føre oss at vegdelen på prosjektet vert lyst ut ved årsskifte 2021/2022, og at det då kan bli oppstart tidleg i 2022, seier Gunnar Solbakken, leiar for Utbygging Nord.

Det blir viktig å etablere veg fram til brua på begge sider, når den er klar kan bruentreprisen lysast ut. Byggetid på heile prosjektet er om lag fire år.

Kostnadsramma til prosjektet er sett til 812 mill. i 2021-kr.