Då var vi i gang – første salve på bruprosjektet i Solund
Alt gjekk etter planen under salveskotet som markerte oppstart på bygginga av tilkomstvegar til Ytre Steinsund bru.
– Dette er startskotet for prosjektet, og vi er veldig glade for at vi no er i gang med bygginga av vegane som skal leie fram til brua. Vi gler oss til at innbyggjarane i Ytre Sula om nokre år kan køyre heilt fram til kommunesenteret sitt, utan å vere avhengige av ferje, seier Helge Follevåg, prosjektleiar i Vestland fylkeskommune.
Inviterte til folkemøte i Grendahuset
Seinare same dag var 100 personar samla til informasjonsmøte i Grendahuset i Hardbakke. Prosjektleiinga frå Vestland fylkeskommune stilte på saman med hovudentreprenør Lesja Bulldozerlag AS.
Omsyn til ferjetrafikken, oppstart på dei ulike plassane og framdrift var blant tema dei frammøtte var opptekne av.
– Vi snakka også mykje om tryggleik rundt anleggsområdet, spesielt når det pågår sprengingsarbeid. Vi vil ikkje at nokon skal ta unødige sjansar ved å bevege seg inn i området og utsette seg sjølv for fare, seier prosjektleiar Helge Follevåg.
Både fylkeskommunen og entreprenør tek gjerne i mot grupper som vil vitje prosjektet ette avtale, og ynskjer alle som har spørsmål eller innspel til å ta kontakt eller stikke innom anleggskontoret dei per i dag har på Skafferiet på Hardbakke.