Søk om opphald i forskingsorganisasjon
Opphald i ein forskingsorganisasjon kan vere ein god start for bedrifter som ser at dei treng meir forskingskompetanse for å kunne gjennomføre eit innovasjonsprosjekt. Slike opphald kan også skape fruktbare langsiktige samspel mellom bedrifter og forskingsmiljø.
Kven er ordninga relevant for?
Tilsette enkeltbedrifter kan få støtte til opphald i forskingsorganisasjon. Vi prioriterer kandidatar frå
- små og mellomstore bedrifter som har lite forskingserfaring
- bedrifter som vil samarbeide med forskarar for å få fram nye prosjektidear og koplingar som kan gi konkret samarbeid om innovasjonar tilknytt eit forskingsprosjekt
Kandidaten får moglegheit til å sette seg inn i og definere forskingsproblemstillingar som er relevant for bedrifta. Opphaldet kan også danne grunnlag for ein søknad om Nærings-ph.d. eller andre forskingsmidlar.
Kandidatar kan ha opphald på den forskingsorganisasjonen i Vestland som best dekker det faglege temaet bedrifta treng betre innsikt i. Det kan vere opphald på universitet, høgskule eller forskingsinstitutt.
Kva kan du søke om støtte til?
Det er mogleg å få inntil 100 000 kroner i støtte til "Opphald i forskingsorganisasjon". Bedrifta må bidra med minimum 30 prosent av samla kostnader for gjennomføringa av prosjektet i form av lønna eigeninnsats.
Korleis søker du?
Søknad om støtte til opphald i forskingsorganisasjon må skje i samarbeid med ein kompetansemeklar i FORREGION Vestland.
Kompetansemeklaren kan hjelpe til med identifisering og konkretisering av tema for prosjektet, basert på konkrete utfordringar bedrifta gjerne vil løyse. Du får også hjelp til å kartlegge aktuelle forskingsmiljø som tar imot besøk og til å utforme søknaden. Kompetansemekling er ei gratis rådgjevingsteneste.
Søknaden skal sendast til Vestland fylkeskommune gjennom regionalforvaltning.no.
Støtteordninga heiter FORREGION Vestland. Marker i søknadsskjema at det gjeld «Opphald i forskingsorganisasjon».
Nye brukarar må registrere seg i regionalforvaltning.no. Du må registrere deg som organisasjon (ikkje privat søkar).