Søk om støtte til FoU-møte for å avklare forskingsbehov i næringslivet (FORREGION Vestland)
Eit FoU-møte samlar fleire bedrifter til diskusjon om ei konkret problemstilling som har relevans for dei alle. Målet er å avklare kunnskapsstatus og behovet for ny kunnskap, og å drøfte korleis bedriftene ved hjelp av forsking kan finne nye og gode løysingar på den aktuelle problemstillinga.
Kven kan søke?
Næringshagar, inkubatorar, klynger, næringsutviklingsselskap, kapasitetsløft i Vestland fylke – og no også grøne hubar som er ein del av Grøn Region Vestland – kan stå som søkjarar til FoU-møte. Ta kontakt med ein kompetansemeklar for nærare avklaring.
Kva kan du søke om?
I 2025 vert det lagt opp til eit noko meir dynamisk oppsett av støtte til desse møta med tre ulike retningar:
- Ordinære FoU-møte (inntil kr 50 000) – som tidlegare
- Utvida FoU-møte (inntil kr 70 000) – først eit ordinært FoU-møte, deretter prosjektverkstad for å vidareutvikle prosjektforslag
- Mobiliseringsmøte (inntil kr 10 000) – Ein pott blir sett av til å kunne organisere mindre møter for å mobilisere ulike aktørar til å diskutere aktuelle tema som kan løftast fram i eit FoU-møte. Midlane skal kunne dekke møtelokale og ev. enkel bevertning. Kompetansemeklarar kan disponere denne potten via ein forenkla søknadsprosess.
Vi dekkjer faktiske kostnader inntil dei oppgitte beløpa. Midlane kan brukast til førebuing, gjennomføring og etterarbeid i samband med møtet.
Korleis kan du søke?
Søknad om støtte til FoU-møte skal skje i samarbeid med ein kompetansemeklar i FORREGION Vestland. Kompetansemekling er ei gratis rådgjevingsteneste.
Søknadsskjema finn du under støtteordninga FORREGION Vestland. Marker i søknadsskjema at det gjeld «FoU-møte». Søknaden vert sendt til Vestland fylkeskommune gjennom regionalforvaltning.
Nye brukarar må registrere seg på nettstaden regionalforvaltning.no. Du må registrer deg som organisasjon (ikkje privat søkar).