Kom i gang med forsking i kommunar
Fylkeskommunen jobbar saman med Forskingsrådet, KS og andre for å auke offentlig sektor si bruk av forsking i sitt innovasjonsarbeid.
Vestland fylkeskommune
Fylkeskommunen støttar kommunar i Vestland til å kome i gong med forsking. Sjølv om vi ikkje lenger har eigne finansieringsordningar som støttar FoU-prosjekt i kommunar, kan vi veilede kommunane til å kome i kontakt med riktig instans, som f. eks forskingsrådet eller kommunanes strategiske forskingsorgan.
Forskingsrådet satsar på offentleg sektor
Kommunar, fylkeskommunar og verksemder i offentleg sektor kan søke finansiering frå Forskingsrådet for å bygge kunnskap og få fram forskingsbasert innovasjon i offentleg sektor. På nettsida til Forskingsrådet er det god informasjon om utlysingar, råd i søknadsprosessen og prosjekteksempel. Sjå til dømes «19 tips for å lykkes med innovasjon i offentlig sektor»
Forskingsrådet har også nyttige sider om forsking i offentleg sektor, korleis utvikle forskingsprosjekt og gode eksempel.
Kommunanes strategiske forskingsorgan (KSF)
Kommunanes strategiske forskingsforgan er ein samarbeidsstruktur som skal styrkje grunnlaget for kunnskapsbaserte avgjerder og tenesteutvikling i kommunal sektor.
I statsbudsjettet for 2024 har KS fått midlar til etablering, organisering og drift av KSF over Kunnskapsdepartementets og Helse- og omsorgsdepartementets budsjett. I tillegg til å finansiere oppbygging av KSF, styrkjast forskings- og innovasjonsinnsatsen for berekraftige kommunale helse- og omsorgstenester med ei løyving på 103,7 millionar kroner til ein ny forskings- og innovasjonssatsing i 2024. Forskingsrådet skal forvalte midlane.