Kurs i Tankevirus

Er sjølvtilliten frynsete og bekymringane hyppige? Grublar du mykje? Lyst til å lære nokre teknikkar for å få det betre? Det blir nye Tankevirus-kurs hausten 2024.

foto av brustein, der bokstavane er lagde oppå og stavar ordet tankevirus
Foto: Bergen kommune

Kursa er digitale, og alle får ei møtelenke i forkant av kurset. Du deltek anonymt.

Når vert det kurs og for kven?

Kursa går over to dagar, og du som melder deg på, må såleis setje av begge datoane.

Kva er Tankevirus?

Tankevirus er eit gratis meistringskurs retta mot førebygging og meistring av lette til moderate psykiske vanskar. Kurset omtalar ulike negative tankemønster som tankevirus og lærer deltakarane om psykologiske vitamin som kan hjelpe mot tankevirus.

Tankevirus er også tilgjengeleg som app (gratis). Den er kvalitetssikra og tilrådd av Helsedirektoratet og Helsedepartementet. I 2022 var det 100 000 personar som lasta ned appen. 7 av 10 opplever betring. 

"Alle burde få anledning til å ta eit sånt kurs!"

Kven står bak kurset?

Vestland fylkeskommune og Frisklivsentralen i Bergen arrangerer kursa i Tankevirus.