Friskliv i Vestland fylke
Vestland arbeider for eit godt friskliv. Les vidare om dei ulike aktivitetane og satsingane som skjer i fylke.
Tilskot til kommunale frisklivs-, lærings- og meistringstilbod
Fylkeskommunen forvaltar midlar på vegne av Helsedirektoratet, til etablering eller utvikling av kommunalt frisklivsarbeid. Ordninga er statleg finansiert, og utlysing kjem normalt tidleg på våren.
Meir informasjon om ordninga
Nettverket Friskliv i Vestland fylke
Vestland fylkeskommune, Statsforvaltaren i Vestland, Frisklivssentralen i Bergen og Frisklivssentralen Askøy samarbeider om arrangering av webinar knytt til frisklivsarbeid. Webinara er meint som ein arena for påfyll og erfaringsutveksling for tilsette i kommunar som arbeider med frisklivsarbeid. I tillegg har webinara til hensikt å knytte nettverk og bli betre kjent med ulike aktivitetar som går føre seg i fylket.
Ta kontakt om du ønsker meir informasjon om komande hendingar, eller ønsker å komme i kontakt med andre som deltek i nettverket.
To utviklingssentralar frå 2023
Frå 2023 har to av frisklivssentralane i Vestland rolla som utviklingssentral - Bergen og Askøy. Utviklingssentralane har i oppgåve å bidra til erfaringsutveksling, nettverks- og kompetansebygging, kvalitet og vidareutvikling av kommunale frisklivs-, lærings- og meistringstilbod reigonalt og nasjonalt.
Begge sentralane samarbeider i si rolle som utviklingssentral, og skil seg noko i organisering av kurs, tematikker og innsatsområde. Les meir om tilboda på heimesidene deira:
Finn din frisklivssentral
Helsedirektoratet har ei nettside med oversikt over kommunar med etablerte frisklivssentralar. Finn oversikta over kommunane her.