– No må vi handle raskt! Med eigne auge ser fylkesordførar Jon Askeland korleis globale klimaendringar treff heimen på småbruket på Radøy. Både naturen og ikkje minst biene blir påverka. Vestland er regionen i verda med flest elferjer Ambisiøse politikarar tok på seg den grøne leiartrøya og spente innkjøpsmuskelen i klimavenleg retning. Det har ført til at alle fylkesvegferjene i tidlegare Hordaland denne hausten blir elektriske, og at CO2-utsleppa frå ferjene neste år har gått ned med om lag 90 prosent. Klimavenlege tiltak for ei grøn skuleframtid Då rektoren ved Firda vgs. oppdaga fire elevar med hovudet nedi parsellhagen vart han glad. Plantekassane og berekraftige kantiner er to av mange klimaprosjekt ved dei vidaregåande skulane i Vestland. Kollektivreisa: Solide CO2-kutt og reinare luft Over 100 elektriske bussar og stadig nye bybanetraséar gjer sitt til at CO2-utsleppa i Bergen har gått betydeleg ned. Og dei vil gå endå meir ned i åra framover. Når ny veg skal byggast, er det nokon som tenkjer på dei som ikkje protesterer Korleis bygge på lag med naturen? Vestland fylkeskommune lagar tørrpota undergang, sender flaggermus på hotell og fisk på vandring. Kuttar utslepp og utviklar næringslivet – Vi opplever stadig større interesse frå både næringslivet og kommunane. Forståinga av at noko må gjerast er meir etablert no enn for berre kort tid sidan, seier Renate Nedregård, ny leiar i Klimapartnere Vestland. Dette er utdøyande rasar Kva er samanhengen mellom ein gåsenebbkval som stranda på Sotra i 2017 og små premiar på tannklinikken? Tek nasjonalt leiarskap, men krev staten med på laget Dagens hurtigbåtar står for store klimagassutslepp og er sektoren med minst tiltak for å redusere utsleppa. Men med samarbeid, utvikling og ikkje minst pengar er målet utsleppsfrie hurtigbåtar innan 2030. Grøn region Vestland: Jobbar for å finne dei grøne fortrinna Framtidas havnæringar, sirkulære forretningsmodellar og teknologiske nyvinningar for å kutte utslepp i industrien. Dette er nokre av stikkorda for korleis Vestland skal nytte grøne fortrinn for å behalde leiartrøya i klimakappløpet. Bygget som er ein heil skog – Kva blir tre pluss tre pluss tre pluss tre pluss tre? spør den ferske førsteklassingen. På ladestolpejakt i Vestland For mange turistar har noregsferien handla mykje om korleis dei skal komme fram til neste ladestasjon. Vestland fylkeskommune gjer noko med rekkeviddeangsten – no også til vanns. Vi treng ein plan – ein klimaplan! "Jeg har en plan!", sa Egon Olsen. Han var gjerne ikkje så oppteken av klimaet, hadde kanskje ikkje høyrt om det ein gong. Men det har politikarane i Vestland fylkeskommune. Og no lagar vi klimaplan. Bygger bybanen med elektriske maskiner Å satse grønt lønner seg. Hos Bybanen Utbygging går 96 prosent av anleggsdrifta på fornybar energi. Til lands og til vanns og i lufta med – Vestland har alt tetposisjon i verda på nullutslepp til lands og til vanns. No står det att å få til det same i lufta, seier fylkesvaraordførar Natalia Golis. Møblane går i loop Kikkar du nærare på kvar stol, kvart bord eller kvar hylle i fylkeshuset på Sandsli, vil du sjå ein liten klistrelapp med ein QR-kode. Skannar du koden, vil du få opp bilete, vedlikehaldsstatus, verdi og klimautslepp på akkurat det møbelet. Men kvifor? Stor skilnad på ambisiøst og umogleg Miljøvennleg drift og vegbygging kostar. Heldigvis finst det ordningar som gjer det enklare å ta sats. Verdas lengste bru i kunststoff Ei natt kjem verdas lengste bru i sitt slag til å bli heist på plass av skyhøge kraner og bli plassert over bybanesporet på Paradis i Bergen. Nasjonale ambisjonar for unikt klima- og miljøfag Han reiser snart til Oslo sjølv, rektoren på Firda vgs., om ikkje departementet snart godkjenner klima- og miljøfaget i den nasjonale tilbodsstrukturen. Heider og ære til Vestland Klimaarbeidet til Vestland fylkeskommune blir lagt merke til både nasjonalt og internasjonalt, i form av både pristildelingar og medieomtale.