Søk unntak frå miljøkrava

Frå 1. april 2024 blei det innført miljøkrav til drosjenæringa i tidlegare Hordaland fylke. Frå 1. april 2026 gjeld dei same krava i resten av fylket. Frå desse datoane må ein bruke nullutsleppskøyretøy.

Unntak frå krava

Fylkeskommunen kan i spesielle tilfelle gjere unntak frå kravet om nullutsleppskøyretøy, jf. yrkestransportforskrifta § 48 b andre ledd.

Kven kan få unntak?

Løyvehavarar kan få unntak dersom det er spesielt utfordrande å gå over til nullutsleppskøyretøy. Det må vere tilfelle der det ikkje finnes køyretøy i marknaden som tilfredsstiller løyvehavars behov. Det kan vere tilfelle som:

  • Rullestolbilar med avgrensa rekkevidde, spesielt for dei som køyrer langt dagleg
  • Veteranbilar
  • Større eller lengre limousinar

Lista er ikkje fullstendig, men terskelen for å få unntak er høg. Vestland fylkeskommune kan også vurdere geografiske forhold og løyvehavars driftstal i ein samla vurdering opp mot tilgjengelege køyretøy i marknaden. Vi godkjenner berre køyretøy som tilfredsstiller kravet til Euro 6-motor eller betre. Økonomiske utfordringar med å kjøpe nullutsleppsbil gir ikkje grunnlag for dispensasjon.

Vi har vurdert at det finst tilfredsstillande nullutsleppskøyretøy med 5 - 7 sete, og desse vil difor ikkje få innvilga unntak frå miljøkrava. Rullestolbilar med 7 setar vil framleis kunne få unntak.

Søknaden må innehalde:

  • Løyvenummer
  • Informasjon om type bil ein søker dispensasjon for
  • Kopi av heile vognkortet 
  • Grunngjeving for kvifor det er eit "særskilt tilfelle"
  • Driftsinformasjon dersom det gjeld lokale forhold
  • Dersom søknaden gjeld rullestolbil, må det anten stå ein kommentar i vognkortet at bilen er godkjent som rullestolbil, elles må det sendast inn bilete som visar rullestolrampe og registreringsnummer på bilen.

Slik søkjer du:

Send søknaden med utfyllande informasjon digitalt via søknadsskjemaet på høgre side. Søknaden skal signerast av dagleg leiar eller transportleiar.

 Krav om nullutslepp for alle drosjar i Vestland fylke.

Førehandsgodkjenning

Dersom du er usikker på om du kan få unntak frå miljøkrava på ein bil du planlegger å kjøpe, kan du sende oss ein førespørsel på førehand. Vi kan då vurdere bilen og gje deg eit svar på om bilen vil kunne få unntak eller ei. Du kan sende inn via e-post til post@vlfk.no