Informasjon om drosjeløyve
Krav om drosjeløyve gjeld for alle som vil drive persontransport mot vederlag (betaling) utanfor rute med motorvogn registrert for inntil ni personar. Det gjeld også dei som tilbyr drosjetenester via digitale plattformer. Fylkeskommunen er løyvemyndigheit.
Du kan søkje om så mange løyve du vil. Kvart løyve kostar 3700 kr og kan berre brukast i drosjebilane.
Drosjeløyve må fornyast kvart tiande år. Dei som hadde løyve då dei nye reglane kom i 2020, må fornye løyvet sitt innan 1. november 2030.
Vilkår for å få drosjeløyve og søknadsskjema finn du her.
Krav om løyvegaranti
Departementet fastsett årleg garantisum. Garantisummar for 2025 er:
- Fyrste løyve kr 59 000
- Påfølgande løyve kr 29 000
Utstyr i drosjen
Bilen må vere registrert i motorvognregisteret som drosje hos Statens vegvesen. Drosjer skal til EU-kontroll (periodisk køyretøykontroll) kvart år.
Loggføring av turar
Det er også krav om loggføring av den geografiske posisjonen til drosjen, som markerer start- og sluttpunkt for kvar tur.
Opplysningane skal lagrast i 60 dagar. Dette kravet gjeld også for dei som har fått fritak for taksameter.
Krav til merking av drosjen
- Drosjer skal vere merka på sidedøra med fylkesbokstav og løyvenummer.
- Merkinga skal vere minst 10 cm høg og i ein farge som står i kontrast til fargen på bilen.
- Alle drosjar skal ha taklampe. Taklampe skal merkast «TAXI» i tillegg til fylkesbokstav og løyvenummer. Taklampe skal godkjennast av Statens vegvesen.
- Drosjeløyve utsteda etter 1. november 2020 får fylkesnummer 46 og fylkesbokstav VE for Vestland. (Fylkesbokstav R er frå tidlegare Hordaland og S er frå tidlegare Sogn og Fjordane.)
Krav om dokumentasjon på godkjend taksameter
Alle drosjer må ha godkjent taksameter. Kontakt Justervesenet for meir informasjon om krav til taksameter.
Kven kan køyre drosjen?
Sjåføren i bilen må ha kjøresetel i tillegg til førarkort. Køyresetelen er gyldig i heile landet. Kontakt politiet for meir informasjon om køyresetel
Dei som vil ha køyresetel må ha bestått drosjesjåføreksamen hos Statens vegvesen, eller ha yrkessjåførkompetanse (YSK) for persontransport. Dei må og ha hatt førarkort utan avbrot i minst to år. Kontakt Statens vegvesen for meir informasjon om drosjesjåføreksamen
Kor kan drosjen køyre?
I utgangspunktet kan drosjane køyre kor dei vil i heile Noreg. Men det er nokre unntak, som einerett og miljøkrav. Det er løyvehavaren sitt ansvar å finne ut kvar det er einerett og kva miljøkrav som gjeld i dei ulike kommunane. Informasjon finn du på nettsida til den aktuelle fylkeskommunen.
Fylkeskommunen kan innføre einerett
Fylkeskommunen kan gi einerett i visse kommunar eller område. Einerett fungerer som dei gamle løyvedistrikta og beskyttar dei som har einerett mot konkurranse. Når einerett er innført, kan berre den som har fått einerett utføre drosjetransport i form av praiing, oppstilling på haldeplass, eller bestilling av enkeltturar i det området.
Einerett påverkar ikkje kontraktmarknaden, som til dømes skuleskyss eller pasienttransport.
Fylkeskommunen bestemmer kva områder som skal vere einerettsområder i forskrift. Einerettane lysast ut på anbod. Kor det er innført einerettar og kven som har einerettane i Vestland fylke blir annonsert på våre nettsidar om einerett.
Fylkeskommunen kan innføre miljøkrav
Løyvemyndigheten kan fastsette forskrift om øvre grense for miljøskadeleg utslepp for drosjekøyring. Den øvre grensa kan variere frå kommune til kommune. Kva som er grensa for kvar kommune vil annonserast på våre nettsider om miljøkrav.
Frå 1. april 2024 blei det innført miljøkrav for drosjar i tidlegare Hordaland fylke. Frå 1. april 2026 gjeld dei same krava i resten av Vestland fylke.
Dette betyr at alle drosjar i desse områda må bruke nullutsleppskøyretøy. Nokre drosjar har fått unntak frå kravet.
Det er viktig at drosjeeigarar held seg oppdaterte på miljøkrava i sitt fylke. Dersom ein drosjeeigar ikkje oppfyller krava, kan løyvet bli trekt tilbake.
Maksimalprisforskrifta for drosjar
Kontakt Konkurransetilsynet for meir informasjon om maksimalprisforskrifta.
Meld frå om endringar i føretaket
- Løyvehavar må melde frå til fylkeskommunen viss føretaket endrar namn.
- Viss føretaket endrar organisasjonsnummer/foretaksnummer, til dømes fordi ein byttar organisasjonsform, må ein søkje fylkeskommunen om å få flytte løyve frå det gamle til det nye føretaket. Godkjenning av søknad medførar nytt løyvegebyr for alle løyve som flyttast.
- Meld frå om endring av innehavar/dagleg leiar eller transportleiar. Ny daglege leiar/transportleiar må ha god vandel, og må sende inn politiattest som ikkje er eldre enn tre månader til fylkeskommunen. Bruk eDialog, slik at du kan sende dokumenter som er unntatt offentlighet.
Krav om fagkompetanse for løyvehavarar
Krav til fagkompetanse er oppfylt når den som søkjer om drosjeløyve har bestått løyveeksamen hos Statens vegvesen. Den som søkjer om drosjeløyve vil og ha tilfredsstillande fagkompetanse viss vedkommande:
- hadde drosjeløyve før 1. november 2020
- oppfyller fagkompetansekrava for gods- eller turvognløyve
- har fått godkjenning frå Statens vegvesen på vitnemål eller kompetansebevis utsteda av offentleg myndigheit i annan EØS-stat eller Sveits som bevis på tilsvarande kompetanse
Ta kontakt med Statens vegvesen for meir informasjon om eksamen for løyvehavar.
Oppseiing og tilbakekall
Oppseiing må framleis sendast til fylkeskommunen
Dei som vil seie opp drosjeløyve sitt må gje beskjed til fylkeskommunen og levere tilbake det originale løyvedokumentet. Det er ikkje lenger naudsynt å melde frå til fylkeskommunen tre månader i forvegen, men det kan vere at avtalar mellom løyvehavaren og sentralen stiller slike krav.
Fylkeskommunen kan tilbakekalle løyve
Løyvemyndigheiten kan kalle tilbake løyve når løyvehavaren ikkje fyller krav og vilkår til å ha løyve, eller ikkje rettar seg etter forskrifter og vilkår for å drive løyve.
Ved dødsfall eller konkurs kan løyvemyndigheiten kalle tilbake løyvet utan varsel. Viss dei attlevande vil fortsetje verksemda kan løyve kallast tilbake etter seks månader, ikkje tre år som tidlegare.
Andre typar løyver
Selskapsvognløyve og handikapløyve med liten bil
Det er ikkje lenger mogeleg å søkje om løyvekategori selskapsvognløyve og løyve for transport for funksjonshemma tilknytt bil med inntil ni sitjeplassar.
Overgangsordning for maxitaxi og handikapløyver med stor bil
Drosjeløyve tilknytt bil med 10–17 sitjeplassar (inkludert fører) og løyver for transport for funksjonshemma tilknytt bil med 10–17 sitjeplassar (inkludert førar) gjeld til 1. november 2025. Etter denne dato må dei ha turvognløyve for å fortsetja verksemda. Statens vegvesen er løyvemyndigheit for turvognløyve.