Einerettar i Vestland fylke
I det nye yrkestransportregelverket har fylkeskommunen fått heimel til å innføre einerettar i kommunane i Vestland.
Kva betyr det?
Ein einerett vil gje løyvehavaren eksklusiv rett til tilby drosjetenester i eit fast definert område. Fylkeskommunen kan gjere einerett gjeldande for drosjetenester i enkeltturmarknaden og kontraktmarknaden. Vilkåra for å innføre einerett følgjer av yrkestransportlova § 9 bokstav b).
Vi må fastsetje vedtak om einerett i ei forskrift.
Fylkeskommunen vil kontinuerleg vurdere drosjetilbodet i fylket, og vurdere å innføre einerett dersom drosjetilbodet i eit område ikkje er tilfredsstillande. Forslag til innføring av einerett vil bli sendt på høyring til den aktuelle kommunen og næringa. Dersom forskrift om einerett for eit geografisk område vert innført, vil einerettskontrakten bli lyst ut ut i samsvar med reglane i anskaffingsregelverket.
Ingen einerett i dag
1. oktober 2026 trådde forskrift om einerett i Vestland i kraft. Det betyr at vi kan innføre einerett i eit geografisk område eller i ein kommune i Vestland fylke dersom det er behov. Ingen områdar i Vestland har fått innført einerett enno. Alle einerettar som blir innført vil bli publisert på denne sida.