Søk konsesjon for opptak av skjelsand
Vestland er det største skjelsandfylket i landet. Fylkeskommunen er konsesjonsmynde for opptak av skjelsand i kystområda og driv utviklingsarbeid for å betre forvaltinga av skjelsandressursane i Vestland. Konsesjon kan bli gitt for eit tidsrom på maksimalt fem år. Det kan søkjast om forlenging av konsesjonen.
For masse som er tatt opp skal det betalast ei årleg avgift til fylkeskommunen ut i frå kor store mengder masse som blir tatt opp.
Årlege oppgåver over kor mykje som er tatt opp skal meldast til fylkeskommunen seinast 31. januar året etter.
Send ferdig utfylt søknad med all naudsynt informasjon til post@vlfk.no
Fylkeskommunen sender søknaden på høyring til ei rekkje sektorstyresmakter før det blir tatt stilling til om konsesjon skal bli gitt.
Vilkår for å få konsesjon
Konsesjon gir løyve til opptak av ein eller fleire førekomstar. Konsesjon gir ikkje løyve til opptak på mindre enn fem meters djup.
Opptak av massane skal ikkje hindre eller føre til ulempe for ferdsel på sjøen, fiske, fugle- eller friluftslivet i området. Spesielt viktig er det at verksemda ikkje skadar fisk som står i merdane.
Verksemda skal heller ikkje skade undersjøiske kablar eller installasjonar. Opptak skal ikkje skje på mindre enn 100 meters avstand frå desse.
Ved opptaket skal ein unngå at det blir danna skråningar med fare for utgliding/utrasing av strandmassar, kunstige marbakkar eller djupe hol. Rettshavar skal føre kontroll med at utrasing ikkje skjer.
Dersom opptaket likevel skulle føre til teikn på utgliding/utrasing eller annan vesentleg skade påført naturen eller faste innretningar, skal opptaket stansast og fylkeskommunen kontaktast med ein gong.
Skjema for årsrapportering og opptaksprotokoll
Fylkeskommunen krev inn årleg, pliktig konsesjonsavgift for opptatte masser.
Alle som får konsesjon for å ta opp skjelsand er pliktig til å årleg fylle ut årsrapport og legge ved opptaksprotokoll for kvart opptak. Opptaksprotokollen skal vere med i opptaksfartøyet og fylle ut for kvar last.
Send utfylt årsrapporteringsskjema med vedlagt opptaksprotokoll til fylkeskommunen innan 31. januar påfølgande år. Så sender fylkeskommunen faktura.
Send årsrapportering og protokoll ferdig utfylt og skannet til postmottak eller Jomar Ragnhildstveit på e-post.
Lovdata og retningslinjer
Fylkeskommunen gir konsesjon i medhald av Havbunnsmineralloven, § 10-2.
Retningslinjer ved saksbehandling og tildeling av konsesjonen