Klimabudsjettet til fylkeskommunen

Klimabudsjettet har som formål å vise kva fylkeskommunen skal gjere framover og kor store kutt i klimagassutslepp innsatsen gir. Den årlege klimabudsjettprosessen skal bidra til å synleggjere effekt av igangsette/vedtekne tiltak og behov for ytterlegare tiltak for å redusere klimagassutslepp i tråd med Vestland sine klimamål.

I Vestland jobbar vi etter målsettinga om å vere ansvarlege pådrivarar for nullutsleppssamfunnet. Vi er avhengige av å gjere riktige prioriteringar i dag og vere med å skape dei gode løysingane for framtida.  Mange tiltak krev langsiktig planlegging og investering, og det kan ta lang tid før dei oppnår klimaeffekt. 

Mykje av det som må til for å nå klimamåla, er også klokt grunna andre omsyn. Gjennomføring av klimatiltak kan ha fleire samfunnseffektar utover å redusera klimagassutslepp, som til dømes klimatilpassing, betre luftkvalitet, folkehelse, teknologiutvikling og grøn næringsutvikling. 

Klimaomstilling er ei brei samfunnsendring som inkluderer både utsleppsreduserande tiltak, men også at vi reduserer klimarisiko og tilpassar oss eit klima i endring.  Løysningane må dekke fleire behov og sikre ei samfunnsutvikling som tek i vare den sosiale berekrafta og bidreg til gode stader å leve, jobbe og bu.

Fram mot 2030 blir vi utfordra til å finne fram til dei kloke tiltaka og investeringane som mellom anna;

  • bidreg til monalege og raske kutt, samstundes som at vi ikkje bidreg til å låse inne infrastruktur som gjer det vanskeleg å oppnå varige og berekraftige omstillingar 
  • stimulerer til eit meir sirkulært forbruk, slik at det materielle forbruket blir dempa

Klimabudsjettet for 2023 finn du i Vestland fylkeskommune sitt budsjett for 2023, økonomiplanperioden 2023-2027