KlimaVestland - klimaomstilling i kommunane

Gjennom satsinga KlimaVestland tilbyr vi kommunane kunnskapsdeling, opplæring, bruk av verktøy som klimarekneskap og klimabudsjett og rådgjeving i planleggingsprosessar.

Vestland fylkeskommune vil vere ein aktiv samarbeidspartnar og pådrivar for kommunane arbeidet med klimaomstilling. 

Gjennom klimanettverket og webinar vil fylkeskommunen fremme kompetanseutvikling og erfaringsutveksling. Målet er å bidra til at klimaomsyn blir integrert i samfunns- og arealplanlegga, og å sikre robuste, framtidsretta planar og tiltak for en grønare og meir berekraftig framtid for hele Vestland.

Klimanettverk

Ein sentral del av arbeidet vårt er å legge til rette for kunnskapsdeling og erfaringsutveksling gjennom drifta av klimanettverket. Nettverket vil vere ei plattform for å auke klimakompetansen og betre forståinga av klimaarbeidet gjennom samhandling med andre kommunar. Deltaking i klimanettverket krev at ein set av tid til å diskutere og deler eigne erfaringar.

Webinar

I webinarserien Klima&Kaffi er alle kommunane i Vestland inviterte til fagleg påfyll. Det blir nytt tema ein gong i månaden med spennande innleiarar. Det blir også lagt opp til seriar med same tema og hyppigare møtepunkt.  

Tilpassa rettleiing

Vi vil jobbe tett med kommunane der det er ønskjeleg, anten det gjeld planleggingsprosessar, prosjekt eller arrangement, og oppmodar kommunane til å kome til oss med gode idear. Erfaringa vår med dialog og samarbeid i planlegginga har vist seg å vere verdifull for kommunane, og vi vil halde fram med å tilby skreddarsydd rettleiing og støtte.

Kommunane spelar ei nøkkelrolle

Kommunane spelar ein avgjerande rolle i klimaomstillinga. Deira handlingar og initiativ er nøkkelen til å nå måla våre om å redusere klimagassutsleppa og tilpasse oss dei endra klimaforholda. Vestland fylkeskommune skal vere ein pådrivar og samarbeidspartnar for kommunane i denne viktige innsatsen.

Forpliktinga vår er basert på behov og ønske frå kommunane, som tydeleg kjem fram gjennom undersøkingar. Vi har lytta til ønska deira om støtte og samarbeid på ei rekke område, og vi vil svara på desse behova.

Dialog og samarbeid i sentrum

Fylkeskommunen vil støtte kommunane i alle fasar av klimaarbeidet frå overordna kommuneplanprosessar og utvikling av klimaplanar til oppfølging og gjennomføring. Vidare vil vi leggje til rette for bruk av verktøy som klimarekneskap, klimabudsjett og intern klima- og miljøleiing, gjennom opplæring i metodar og utvikling av verktøy.

Vi vil jobbe tett med kommunane der det er ønskeleg, enten det gjeld planleggingsprosessar, prosjekt eller arrangement, og oppmodar kommunane til å kome til oss med gode idear. Erfaringa vår med dialog og samarbeid i planlegginga har vist seg å vere verdifull for kommunane, og vi vil halde fram med å tilby skreddarsydd rettleiing og støtte.

Skal styrkje kunnskapgrunnlaget

I tillegg til samarbeidet med kommunane er vi òg opptatt av å styrkje kunnskapsgrunnlaget for klimaarbeidet. Vi vil tilby kommunane tilgang til ny kunnskap, verktøy og metodar som er nødvendige for å handtere klimautfordringane på ein effektiv måte.

Målet vårt er klart: Saman med kommunane ønsker vi å utvikle robuste samfunn der klimaomsyn er integrert i samfunnsutviklinga.