Honorering fagkonsulentar realkompetansevurdering

Alle som er fagkonsulent i realkompetansevurdering får dekt utlegg og reiseutgifter i samband med realkompetansevurderingsrabeid.

Så snart realkompetansevurdering er gjennomført og vurderingsrapport er ferdigstilt og levert i InSchool, kan ein sende inn krav om honorering. Dette må vere registert for at reiserekninga skal bli godkjent. 

Ved honorering av fagkonsulentar i realkompetansevurdering vil det vere to framgangsmåtar, ein for dei som er tilsette i Vestland fylkeskommune og ein for dei som ikkje er tilsett i Vestland fylkeskommune. På denne sida vil du finne informasjon om begge framgangsmåtane, i tillegg til informasjon om reiserekning. 

Det vert betalt ein timesats basert på medgitt tid på realkompetansekartlegging. Timesatsen er ordinær sensorhonorar med 50 prosent tillegg. Reiseutgifter vert refunderte etter gjeldande reglar. Det vert lagt til grunn at arbeidet skjer utanom ordinær arbeidstid. Dette må førast etter at RLT har godkjent vurderingsrapporten. Om reisetida er meir enn 3 timar får de betalt for overskytande tid. Denne førast som fritidssats på kr. 244,-.

  1. Logg inn i Visma Enterprise. Denne ligg på Sharepoint til skulan.
  2. Vel Mi side og deretter «ferie, fravær og timer».
  3. Trykk NY oppe til høgre og vel ny timeføring.
  4. Vel dato for gjennomføring av realkompetansekartleggingen.
  5. Vel stilling og vel alltid OPK-realkompetansevurdering.
  6. Vel skjemaet Realkompetansekartlegging.
  7. Legg inn tal på timar brukt.
  8. Skriv namn på personen som er kartlagt og kva fag det gjeld i feltet Notat. Om kartleggingen vert ikkje gjennomført pga kandidaten føres namn + avbrudd og tid til forarbeid.
  9. Ved fleire føringar: Trykk lagre og fyll ut nytt skjema.
  10. Når du er ferdig, trykk lagre og .
  11. Gå til «Hjem», vel mine oppgåver og send inn timelistene.

Reiseutgifter vert førte i Visma Expense som andre reise. Her må de velje riktig stilling. Då vil organisasjonseininga stå som OPK-realkompetansevurdering. Om du skal ha overnatting så bestill reisa via Berg-Hansen.

Korleis krevje løn og reiseutgifter for dei som ikkje er tilsette i Vestland fylkeskommune

Alt skal førast i VISMA Expense

  1. Logg inn med e-postadressa.
  2. Vel utlegg og deretter Eksternt ansatt - realkompetansekartlegging.
  3. Registrer tal timar brukt.
  4. Skriv namnet på personen som er realkompetansevurdert i feltet formål.
  5. Eventuelle reiseutgifter kan førast i same skjema – vel utlegg som startar med Vestland fylkeskommune.

 

Visma Expense er heilelektronisk og vi kan diverre ikkje gå inn å gjere endringar. Om noko manglar eller er feilregistrert lyt vi avvise reiserekninga slik at den kjem attende til deg og du kan gjere naudsynte endringar og/eller legge ved dokumentasjon. Reisegodtgjersler og gjeldande satsar finn du på statens reiseregulativ.

Legg alltid ved kvittering 

Hugs at du alltid må legge ved kvittering. Beløp for mva skal alltid kome fram i kvitteringa. Dette gjeld for alle utlegg utanom bompengar. 

Diett

Alle reiser skal registrerast med "reise/diett" funksjonen i Visma Expense. Dette gjeld for både dagsreiser og reise med overnatting. Hugs på at de har rett på diett om de er på reise 6 timar eller meir og har køyrd minst 15 kilometer ein veg. Begge krava må vere oppfylt. Om reisa ikkje innfrir begge krava må du velje "Ingen diett".

I nokon tilfeller vil ein fagkonsulent måtte reise for å kunne gjennomføre ei realkompetansevurdering og ein har då moglegheit til å bestille overnatting i nærleiken av oppdraget. 

Bestillinga kan gjerast på e-post eller telefon til Berg-Hansen som er Vestland fylkeskommune sitt reisebyrå. Før ein kan bestille må det opprettast ein profil i avtalen hos Berg-Hansen. Ta kontakt med oss på provenemnd@vlfk.no for å opprette profil.

E-postadressa til Berg-Hansen er bestilling@berg-hansen.no

Innhald i bestillinga

Bestillinga må innehalde formål for reisa, kva ein ønskjer å bestille og kontaktopplysingar til den reisande. Fagkonsulenten må også ta med namn på kandidaten som ein er fagkonsulent for. Dette for at vi skal finne igjen personen i systemet.

Alle bestillingar skal merkast med ressursnummer 302043.

Dersom du treng fly eller leigebil må du ta kontakt med oss på provenemnd@vlfk.no før du bestiller hos Berg-Hansen.

Tekst for bestillinga

Du kan bruke denne standardteksten for bestillingar:

Hei,

Ønskjer å bestille..... td. enkeltrom på Scandic Voss 16-18/3-2021.

Den reisande er:
Namn:
E-post:

Formål med reisa er.......t.d. realkompetansevurdering i kontor- og administrasjonsfaget
Namn på kandidat:

Faktura sendast etter avtale med Vestland fylkeskommune og skal føres på avtalen realkompetansevurdering..

Avdelingskode 300000
Ressursnummer 302043
Bestillar er: ...............


Venleg helsing