Fagbrev på jobb
Vestland fylkeskommune styrker ordninga fagbrev på jobb ved å omdisponera statlege midlar. Fagbrev på jobb er ei opplæringsordning for vaksne arbeidstakarar som ønskjer å gjennomføre opplæring fram til fagbrev i bedrifta dei er tilsett i. Du må ha to års relevant yrkeserfaring for å starte opplæringa.
Tidlegare utlysingar har prioritert særskilte lærefag. Denne gongen vert det lyst ut slik at alle kan søkja. Ordninga vert open for alle, men i sakshandsaminga vil tildelinga innan eitt og sama utdanningsprogram ikkje overstiga 35% av den totale tildelinga. Sakshandsaminga vil også verte avhengig av behov, region og tal søkjarar.
Dei formelle krava er dei same som tidlegare.
Kandidaten må:
- ha minst to års arbeidserfaring i minst 80 prosent stilling i det aktuelle lærefaget
- vere tilsett i lærebedrifta som søkjer, og ha arbeidsavtale som dekker heile læretida
- ha fullført grunnskuleopplæring eller vere realkompetansevurdert til bestått
- snakke og skrive norsk på linje med andre lærlingar og faglærde i faget
For kandidatar som ikkje har hatt heiltidsstilling, må praksisen reknast om til prosent av ein full stilling. Kandidatar som har utfordringar med norsk: Kravet til ordninga er B1-nivå i lesing og skriving. Bedrifta må vere godkjent som lærebedrift.
Skjema:
Tilråding kandidaten sitt opplæringsbehov (.docx)
Tilråding kandidaten sitt opplæringsbehov (pdf)
Slik søkjer du
Slik går de fram for å inngå kontrakt om fagbrev på jobb:
- Gjer avtale med arbeidsgjevar
Kandidatar for fagbrev på jobb og arbeidsgjevar må bli einig om dette er ei aktuell opplæringsordning. Når begge partar er einig om å inngå kontrakt for opplæringa, kan de planlegge vegen vidare. - Lag ein plan for opplæring i bedrift
Bedrifta og kandidaten må utarbeide ein plan for opplæringa kandidaten skal få. Lærebedrifta har ansvaret for å sette opp og gjennomføre opplæringsplanen. Denne skal ta utgangspunkt i læreplanen for faget og eventuelt den kompetansen som er dokumentert gjennom realkompetansevurderinga eller tidlegare dokumentert erfaring i faget. - Fyll ut søknad
Avtale om fagbrev på jobb, arbeidsavtale og dokumentasjon på arbeidserfaring skal registrerast elektronisk.
Dersom ein kandidat sluttar i bedrifta, blir kontrakten om fagbrev på jobb automatisk avslutta.
Kva krav er det til bedrifta?
Bedrifta må vere godkjent som lærebedrift.
Nye lærebedrifter kan søkje om godkjenning til fylkeskommunen. Les meir om korleis du blir godkjent lærebedrift
Lærebedriftene får lærlingtilskot for kandidaten per månad. Satsen er den same som for vaksne lærlingar (basis II tilskot). Sjå satsar hos Utdanningsdirektoratet.
Kva er krava til forkunnskap og erfaring hos kandidatane?
Kandidaten må:
- ha minst to års arbeidserfaring i minst 80 prosent stilling i det aktuelle lærefaget
- vere tilsett i lærebedrifta som søkjer, og ha arbeidsavtale som dekker heile læretida
- ha fullført grunnskuleopplæring eller vere realkompetansevurdert til bestått
- snakke og skrive norsk på linje med andre lærlingar og faglærde i faget
For kandidatar som ikkje har hatt heiltidsstilling, må praksisen reknast om til prosent av ein full stilling.
Kandidatar som har utfordringar med norsk: Kravet til ordninga er B1-nivå i lesing og skriving.
Kor lenge varer opplæringa?
Opplæringa i bedrift skal vare i minst eitt år.
Realkompetansevurderinga eller bedriftas eigen vurdering av kandidaten blir grunnlaget for kor lang opplæringstida i bedrift skal vere.
Bedrifta bør sende inn anbefaling til læretid saman med kontrakten.
Maksimal opplæringslengde for tilsette i heiltidsstillingar er 3 år. Unntaket er lærefag med 4,5 års ordinær læretid der maksimal opplæringslengde er 3,5 år.
Kva inneheld opplæringa?
Opplæringa i bedrift skal ta utgangspunkt i den ordinære læreplanen for Vg3 i faget. I utgangspunktet skal alle kompetansemåla som er beskrive i læreplanen gjennomførast.
Dersom kandidaten er realkompetansevurdert, skal dei måla som er vurdert som gjennomført utelatast frå opplæringsplanen til kandidaten.
Bedrifta skal gi kandidaten opplæring tilsvarande den opplæringa lærlingar i faget får.
Kandidatane har dei same rettane som andre medarbeidarar i bedrifta.
Eksamen og fagprøve
Eksamen
Alle må avleggje og bestå ein 5-timars skriftleg eksamen i faget før bedrifta melder kandidaten opp til fag- eller sveineprøve.
Nokre fag har to eksamenar som må vere bestått før oppmelding til fagprøve.
Fagprøve
Lengda på fagprøven varierer frå fag til fag, men er alltid ein omfattande praktisk oppgåve som inkluderer planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og vurdering av eit heilt stykke arbeid.
Får kandidatane løn?
Dei som teiknar kontrakt om fagbrev på jobb får behalde den vanlege løna si.