Visma InSchool

Vestland fylkeskommune bruker Visma InSchool (VIS) som sitt skuleadministrative system. VIS skal brukast av elevar, tilsette og føresette. Les meir om kva informasjon du finn der og korleis du loggar deg inn.

Betre arbeidskvardag

Målet med Visma InSchool (VIS) er å møte dei vidaregåande skulane sine framtidige behov ved å:

  • fornye, forenkle og forbetre arbeidsdagen til elevar, lærarar og skuleadministrasjonen
  • legge til rette for kommunikasjon mellom skulen og heimen
  • digitalisere framtida sin skuleadministrasjon og gi meir elektronisk, automatisert og effektiv arbeidsflyt
  • redusere tid som blir brukt til administrativt arbeid og frigjere tid til pedagogiske aktivitetar
  • gi oversikt over at elevane har fått den opplæringa dei har krav på

Kva opplysningar kan elevar sjå i VIS?

Er du elev vil du i VIS blant anna få tilgang til:

  • timeplanen din
  • informasjon om klassen du høyrer til
  • kontakt- og faglærarar
  • registrering av fråvær
  • merknader
  • vurderingar
  • eksamensoppmeldingar
  • standpunkt- og eksamenskarakterar

Du kan også melde om:

  • fråvær
  • søke om fritak i fag (sidemål og kroppsøving)
  • tilrettelegging på eksamen
  • fråtrekk av fråvær

Korleis får elevar tilgang til VIS?

Som elev i Vestland loggar du deg inn på VIS med Feide-kontoen din (brukarnamn og passord). Før skulestart vil du motta ein SMS der du får informasjon om å aktivere Feide-kontoen din.

Sjå introduksjonsvideo til elevane.

Visma InSchool-appen

Visma har aktivert pushvarsel og internmeldingar i Visma InSchool-appen. Du kan i tillegg sjå timeplanen din og oversikt over fråværet ditt.

For å sende melding eller motta varsel i appen, må du vere kopla til trådlaust nettverk eller ha aktivert mobildata.

Merk!

Dersom du ikkje aktivt loggar ut frå appen vil du vere innlogga i 3 månader. Då vil appen bruke wifi/mobildata i bakgrunnen for å hente pushvarsel og internmeldingar. Du vil ikkje få pushvarsel eller meldingar så lenge du ikkje er logga på eller kopla til nett.

Dersom du opplev at pushvarsel ikkje fungerar sjølv om du er logga inn må du sjekke at du ikkje har slått av funksjonen under innstillingar på eigen mobil/nettbrett.

Hugs å følgje med på Visma InSchool sine kanalar for oppdateringar og nyheiter.

Kva opplysningar kan føresette sjå?

Føresette for elevar under 18 år vil ha tilgang til:

  • Timeplan (melde framtidig fråvær, men vil ikkje sjå søknaden sjølv etterpå)
  • Klasser og grupper (finne namn på faglærarar og aktive lenkjer til læreplan)
  • Historikk (halvårs-, standpunkt-, og eksamenskarakter og samla fråvær for tidlegare år)

Det er aktive menypunkt om læreplanar og eksamensparti som ikkje gir noko informasjon, som vi ikkje får fjerna frå menyen.

Det er ikkje opna for å sjå personalia på elev eller opplysningar om kontaktpersonar, av omsyn til personvern. Dette er oppe til vurdering. Fylket ser også nærare på om tilgang til fråvær, vurderingar og orden/åtferd. Desse tilgangane er ikkje tilrådd på noverande tidspunkt.

Elevar over 18 år kan sjølve bestemme kva føresette/kontaktpersonar skal få tilgang til, av dei tilgangane fylket har gjort tilgjengeleg.

Korleis får føresette tilgang til Visma InSchool?

Føresette loggar inn med ID-porten på same lenkje som elevane bruker (sjå skulen si heimeside for skule din si lenke).

Visma InSchool hentar informasjon om eleven sine føresette frå det sentrale folkeregisteret (DSF). Føresette som er registrert med foreldreansvar i DSF, overførast med namn og folkeregistrert adresse.

Av omsyn til personvernet kan vi ikkje hente informasjon om føresette til elevar over 18 frå DSF. Elevar over 18 kan etter samtykke tillate skulen å gi føresette tilgang til Visma InSchool. I slike tilfeller må føresette registrerast manuelt.

Registrering av kontaktinformasjon til føresette

Dersom e-post eller mobilnummer er feil i VIS kan føresette logge seg inn og endre dette sjølve (sjå innføringsvideoen på tida 1:40 for korleis du endrar opplysningar). Det er viktig at denne informasjonen er rett slik at de kan motta nødvendig informasjon frå skulen, blant anna i samband med beredskap.

Kommunikasjon med skulen

Føresette har moglegheit til å kommunisere med skulen via Visma InSchool sitt meldingssystem.

Sjå videoen frå Visma som gir ei rask innføring for føresette i Visma InSchool.