Skjema - vidaregåande opplæring
Her finn du ei oversikt over dei fleste skjemaa vi bruker innan opplæring og karriere.
Eksamen
Bestilling av kompetansebevis
Dersom du treng kompetansebevis finn du bestillingsskjema og meir informasjon på sida vår Sensur og dokumentasjon.
Fråvær på eksamen
Om du blir sjuk på eksamensdagen eller blir hindra av andre uføresette grunnar som du ikkje sjølv rår over, vil du få rett til utsett eksamen i neste eksamensperiode.
Les meir om fråvær på eksamen og finn skjema for å melde om fråvær
Klage på privatisteksamen
På skriftleg eksamen kan du klage på eksamensresultatet.
På munnleg, munnleg-praktisk og praktisk eksamen kan du berre klage på formelle feil som du meiner har påverka eksamensresultatet ditt.
Fristen for å klage er 10 dagar frå du blei kjend med, eller burde gjort deg kjend med, resultatet.
Les meir og finn skjema for å sende klage
Klage på karakter for elevar
Om du er elev i vidaregåande skule kan du klage på eksamenskarakter, standpunktkarakter og karakter i orden og åtferd.
Les meir om dette og send klage.
Tilrettelegging av eksamen
Dersom du har funksjonsnedsetting, sjukdom eller andre særlege behov som gir deg vesentlege ulemper i forhold til andre på eksamen, kan du søkje om tilrettelegging.
Generelle
Ettersending av dokumentasjon
Skjema for å ettersende manglande dokumentasjon.
Hospitering
Meldeskjema - flytting til/fra barneverninstitusjon
Flytting til og frå barneverneinstitusjon skal meldast til Vestland fylkeskommune på eige digitalt meldeskjema (jf. oppll. §13-2).
Les meir og finn meldeskjemaet
Varsel om mobbing/kritikkverdige forhold
Du har rett til eit trygt og godt skulemiljø, utan krenkingar som mobbing, vald, diskriminering og trakassering
Les meir om kvifor og korleis du melder frå dersom dette gjeld deg.
Inntak
Ettersending av dokumentasjon
Skjema for å ettersende manglande dokumentasjon.
Informasjonsskjema
Skjemaet kan brukast i samband med overgang frå ein skule til ein annan.
Frist for innsending er 1. juni.
Meldeskjema for fortrinnsrett
Meldinga frå kommunane til fylkeskommunen om elevar som søkjer fortrinnsrett etter §§ 6-15, 6-17 og 6-18 i opplæringslova må vere sendt til oss innan 1. oktober.
Kommunen må sørgje for samtykke frå elev/føresette før informasjonen blir sendt.
Spørsmål kan sendast på e-post Inntak@vlfk.no
Frist for innsending er 1. oktober
Melding om flytting og inntak i annan region
Dersom du skal flytte til eit anna nærskuleområde eller flyttar til/med føresette til fylket vårt og skal søkje vidaregåande opplæring hos oss må du fylle ut skjemaet under.
Omprioritering
Dersom det er særlege grunnar kan du søkje om å få endre søknaden din etter søknadsfristen gjekk ut. Skjema kan brukast mellom 1. april og 1. juni.
Permisjon
Skal du søkje om kortare permisjonar, er det skulen du går på som skal behandle dette.
Men dersom du skal søkje permisjon for heile skuleåret må du sende oss ein skriftleg søknad. Du søkjer digitalt (i same skjema som for utvida rett).
Hugs å legge ved dokumentasjon.
TAF/YSK
Denne utdanninga (tidlegare TAF) fører i løpet av 4 år fram til både studiekompetanse og fagbrev.
Vi har fylkesdekkande tilbod innan YSK-opplæring ved Knarvik vidaregåande skule, Fusa vidaregåande skule og Måløy vidaregåande skule.
Du søkjer på vigo.no og må i tillegg sende inn eige søknadskjema før 1. mars.
Utveksling på vg2
I tillegg til at du søkjer skuleplass på vigo.no må du også fylle ut eit søknadsskjema dersom du ønskjer å ta vg2 i utlandet. Søknadsskjemaet vil vere opent å søknadsperioden (januar til 1. mars)
Les meir om tilboda våre for utveksling
Søknad om tilpassa løp og permisjon
Skal du søkje om tilpassa løp eller permisjon?
Hugs å legge ved dokumentasjon.
Søknadskjema tilpassa løp og permisjon
Vedleggsskjema 1. februar
Lærebedrifter
Bli lærebedrift
Ei lærebedrift er ei bedrift som er godkjend for å teikne kontrakt med lærlingar og lærekandidatar. Som lærebedrift er de med å sikre rekrutteringa av fagarbeidarar i Vestland fylke.
Det er ingen søknadsfrist for å bli lærebedrift.
Endring i lærekontrakten
Skjema for endringar i lærkontrakten
Endring i bedrifta
Skjema for melding om endringar i bedrifta
Fullføringsmidlar
Vi lyser ut midlar som skal gi lærlingar og lærekandidatar med særskilte behov og/eller med svake norskferdigheiter og kort butid i Noreg mogelegheit til å oppnå ei fagutdanning.
Halvårsvurdering av lærling
Eleven/lærlingen/praksisbrevkandidaten/lærekandidaten har rett til ein samtale med kontaktlæraren eller instruktøren om utviklinga si i forhold til kompetansemåla minst éin gong kvart halvår.
Heving av lærekontrakt
Skjema for å heve lærekontrakten
Intern plan for opplæring
Skjema for intern plan for opplæring.
Du kan lese meir om korleis ein lagar ein slik plan på nettsida vår Gjennomføring av opplæring i bedrift. På denne sida finn du også fleire skjema for lærebedrifter.
Lærling/lærekandidat/praksiskandidat
Oppmelding til fagprøve for praksiskandidater
Praksiskandidatar skal sjølve melde seg opp til fag-/sveineprøve.
Du finn oppmeldingskjema og meir informasjon om korleis du kan ta fagbrev som praksiskandidat på nettsida vår Meld deg opp til fag-/sveineprøve.
Samtykkeskjema lærling
Lærlingen/lærekandidaten må samtykke til at det blir søkt om gjennomføringsmidlar for vedkommande. Skjema for samtykke
Tilrettelegging av fagprøven
For lærling og elev: Saman med søknad om tilrettelegging må du legge ved ei sakkunnig vurdering som er skrive etter at du starta på vidaregåande. Vurderinga må seie kva type tilrettelegging du har behov for.
For praksiskandidatar: Når du melder deg opp til fag- og sveineprøve vil du i skjemaet få mogelegheit til å krysse av for om du treng særskilt tilrettelegging og leggje ved nødvendig dokumentasjon (som t.d. uttale frå ein sakkunnig person, til dømes lege eller psykolog, frå PPT eller logoped)
På nettsida vår om fagprøven finn du meir informasjon om dette og søknadskjemaet.
Utrekning av praksis
Dersom du har erfaring frå eit yrke, men er ufaglært kan du ta fag-/sveinebrev som praksiskandidat. Eit av krava er at du kan dokumentere at du har ca. 5 år med allsidig erfaring frå yrket.
Meir om dette og skjemaet for å rekne ut praksis finn du på nettsida vår Fagbrev som praksiskandidat.
Minoritetsspråklege
Ettersending av dokumentasjon
Skjema for å ettersende manglande dokumentasjon.
Prioriteringsskjema for inntak til kombinasjonsklasser/VG1
Dei som har søkt både kombinasjonsklasse og ordinær vg1/innføringsklasse må gi oss ei melding om kva dei prioriterer.
Frist for å svare er seinast 25. mars.
Søke kombinasjonsklasse
Vi tilbyr grunnskuleopplæring gjennom kombinasjonsklasse. Kombinasjonsklassane skal førebu og kvalifisere elevane til å starte i vg1.
Dette er eit frivillig tilbod som kommunar i Vestland, som har samarbeidsavtale med fylkeskommunen, kan la aktuelle deltakarar søkje på.
Kommunar som har samarbeidsavtale med fylkeskommunen kan søkje inn elevar på dette tilbodet.
Vedleggsskjema 1. februar
Alle som søkjer inntak som minoritetsspråkleg må også sende inn vedleggsskjema. Dette gjeld ikkje søkjarar til kombinasjonsklasse.
Vedlegg til søknad om inntak 1. februar
Vurderingsskjema
OT/PPT
Avklaringssamtale
Når ein elev står i fare for å avbryte vidaregåande opplæring, må skulen eller bedrifta ta kontakt med oppfølgingstenesta for å gjennomføre ein avklaringssamtale.
Du finn malen for avklaringsskjema på nettsida vår om oppfølgingstenesta.
Søknad til Digitalt læringssenter
Dette er eit tilbod til elevar, lærlingar, permitterte, arbeidsledige, arbeidstakarar og ungdom utanfor arbeid/opplæring. Du kan få tilbod om undervisning i mattematikk og engelsk.
Du kan lese meir om tilbodet i søknadskjemaet
Tilvising til PPT og Samtykkeskjema
PPT (Pedagogisk-psykologisk teneste) er ein del av rettleiingstenesta og gir råd til skule og lærebedrift om korleis opplæringa kan leggast til rette, slik at du som elev får ei god opplæring.
Les meir om dette og finn skjemaa.
Tilvising-systemsaker
Les meir om dette på nettsida vår om pedagogisk-psykologisk teneste og finn skjemaet.
Skule/elev
Klage på karakter for elevar
Om du er elev i vidaregåande skule kan du klage på eksamenskarakter, standpunktkarakter og karakter i orden og åtferd.
Les meir om dette og send klage.
Lånekontrakt for elevar i vidaregåande opplæring
Alle elevar som skal låne lærebøker og anna materiale på skulane i Vestland, må signere elektronisk lånekontrakt.
Tilrettelegging av kroppsøving
Ved skade eller sjukdom vil faglærar i kroppsøving kunne leggje til rette for alternativ og tilpassa opplæring eller aktivitet.